Svenskehat i Det kvite husFør invasjonen av Irak var det allment kjent at president George W. Bush var svært skeptisk til sjefen for FNs våpeninspektørar, svensken Hans Blix. Årsaka til dette skal vera at den norskætta presidentrådgivaren Karl Rove ikkje likar svenskar.
Av Egil Johan Ree Publisert 26.04.2004 14:09. Stundom er det små og banale ting som styrer den store politikken. Skal ein tru på det som står i ei bok av ein velrenommert amerikansk journalist, var det altså gamalt svenskehat som fekk amerikanarane til å ryka uklar med Hans Blix, sjefen for FNs våpeninspektørar i Irak. Som vi hugsar leita Blix og inspektørane hans etter masseøydeleggingsvåpen i Irak. Dei fann ingen slike våpen, og det lika ikkje president Bush. Han meinte dei måtte finnast, og sette dermed i gang krigen mot Irak. Tilhøvet mellom Blix og den amerikanske regjeringa var iskaldt.
Nå meiner den amerikanske journalisten Bob Woodward at det var presidentrådgivaren Karl Rove som kviskra Bush i øyra kva han skulle meina om Hans Blix. Woodward er ein av dei to journalistane som i si tid avslørte Watergate-skandalen som førde til at president Nixon måtte gå av. I ei bok Woodward har skrive om Irak-krigen blir det fortalt at Karl Rove er av norsk ætt. Oldefar hans utvandra frå Østfold, fortel VG i dag. Karl Rove er svært stolt av sitt norske opphav og har fått med seg at Noreg var under svensk styre frå 1814 til 1905. I familien Rove har nok mistrua mot svenskane vore sterk. Skal ein tru på det Bob Woodward fortel, må svenskehatet ha halde seg gjennom generasjonane like til den nåverande presidentrådgivaren.
Han skal elles vera ein av president Bush sine aller næraste øyrekviskrarar, solid forankra i den konservative delen av det republikanske partiet og ikkje særleg omtykt blant politiske motstandarar. I ein artikkel blir han omtala som Amerikas Joseph Goebbels, ein mann som ikkje kvir seg for å bruka skitne triks for å sverta motstandarane sine. Nå skal han altså ha fyrt opp under presidentens skepsis mot Hans Blix ved å fortelja at svenskane er eit folk ein ikkje kan lita på.
Det er sjølvsagt ei artig historie, men vi kan nok gå ut frå at presidet Bush også har lånt øyra til andre rådgivarar enn Karl Rove før han avskreiv Hans Blix og ga klarsignal til krigen mot Irak. VG siterer norske diplomatar som vonar at resten av det Woodward skriv i boka si, er betre fundert enn historia om svenskehatet.
|