Ulv eller ikkjeStortinget skal snart ta stilling til kvar ulven skal få lov til å vera her i landet. I NRK fjernsynet i går fekk vi tydeleg demonstrert kor sterke meiningar det er blant folk om vi i det heile skal ha ulv i Noreg.
Av Egil Johan Ree Publisert 21.04.2004 14:17. Det er sjølvsagt lett nok for oss som bur langt frå Glomma og svenskegrensa å meina at ulven høyrer til i norsk natur og at han difor bør få vandra relativt fritt i skog og mark i Hedmark og Østfold og traktene der omkring. Det er ikkje vi som opplever at ulven luskar på haldeplassen der ungane går for å ta skolebussen om morgonen. Ikkje har vi sauer heller, så etter manges meining burde vi vel liggja lågt i ulvedebatten. Det skal vi då og, for etter fjernsynsdebatten på Elverum i går forstår vi at dei som vil at vi skal ha ulv i landet, bør vera varsame med å ytra seg for bastant, i alle fall dersom dei ytrar seg i stroka aust for Glomma.
Der sit dei med børsa klar, om vi forstod stemninga i salen rett. Ulven skal ikkje kjenna seg for trygg om han nærmar seg hus og gard, heller ikkje miljøvernminister Børge Brende og dei som måtte vera samde med han. Høgrepolitikar og tidlegare statsråd Johan C. Løken drog parallellar til motstandskampen mot nazistane under krigen, og ein av debattdeltakarane hevda at dersom regjeringa sitt framlegg om å gi opphaldsløyve for ulv aust for Glomma blir vedtatt, så blir det borgarkrigsliknande tilstandar i Hedmark og Østfold. Den stakkars statssekretæren som skulle forsvara regjeringa sitt standpunkt, vart møtt med buing og høgmælt hån frå salen.
Det er som vi skjønar ingen tvil om at det er sterke kjensler som nå er utløyste i ulvedebatten. Dei får det ikkje lett stortingspolitikarane som i dag set seg i gruppemøte for å ta standpunkt. Spesielt må det bli vanskeleg for dei politikarane frå austlandsbygdene som eigentleg meiner at vi bør ha plass for nokre ulvar her i landet. Dei kan få alvorlege problem dersom dei ønskjer ein ny periode på tinget.
Ulven sjølv ser ikkje fjernsyn, så han er uvitande om kor upopulær han er blant dei som har han i nabolaget. Ikkje bryr han seg om grenser heller. Skulle den norske ulven bli nekta å leva vidare i landet, kan vi sikkert rekna med at ein og annan svensk ulvefamilie frå den stadig aukande flokken der lar seg lokka av saueflokkane på norsk side av grensa. Problemet synest uløyseleg. Somme av oss synest det burde vera plass for nokre ulvar her i landet. Men vi innser at vi kanskje ikkje ville vore like skråsikre dersom vi oppdaga ulvespor i hagen der barnebarna leikar.
|