skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Kongen og eg

Å koma tilbake på jobb etter fleire månaders fråvere kan vera litt av ei utfordring. Vi går ut frå at kong Harald og treng tid på å omstilla seg.
Av Egil Johan Ree

Publisert 20.04.2004 14:31.
I går gjekk kongens sjukemelding ut, i dag er han tilbake på jobb. Ved eit tilfelle er situasjonen den same på desse kantar. Vi er friskmelde og funne skikka til å ta opp att arbeidet som vi av helsemessige grunnar måtte forlata for nokre månader sidan. Vi kunne sikkert ha fått legane våre til å gi oss endå litt fritid,- legar er visst ikkje så vanskelege når det gjeld slikt, har vi lese, men i vår generasjon har vi motførestellingar mot å utnytta systemet på den måten, så- pliktoppfyllande som vi er, stiller vi på jobb.

Vi går ut frå at også kongen brukte det meste av formiddagen til å møta hyggelege medarbeidarar som ønskte velkomen tilbake og spurde korleis det står til med helsa. Eller er det kanskje skikk på slottet at ein ikkje spør om slikt? Ikkje veit vi.

Men vi går også ut frå at kongen kjende det litt uvant å setja seg til skrivebordet og prøva å rekapitulera gamle rutinar. Slå på datamaskinen, f.eks. Nå er det, som alle veit, slik med datamaskinar at det bak i kulissane sit ekspertar som har det som oppgåve å gjera livet vanskeleg for oss vanlege databrukarar. Når eit system har fått gått seg til og vi omsider har vant oss til å bruka det, finn ekspertane ut at systemet må forbetrast. Eit nytt skjermbilete møter oss når vi etter kvart har fått logga oss inn. Desse små bileta som vi skal klikka på, står andre stader enn dei stod før. Bokstavar som før var høveleg store og leselege, er nå blitt små og bleike. Ekspertise må tilkallast for å få skikk på skjermen og gi oss opplæring i korleis det nye verkar.

Vi kjenner ikkje tilhøva på slottet, men det skulle ikkje undra oss om det også der er ekspertar som har betalt for å leggja om datasystema med jamne mellomrom. I så tilfelle anar vi kva kongen har brukt det meste av dagen til.

Og når han har lært korleis han skal ta seg fram i det nye systemet, går vi ut frå at han og har brukt ei god stund på å gå gjennom e-posten som har hopa seg opp dei månadene han har vore borte. Det kjennest litt bakvendt ut nå ved midten av april å svara på helsingar med god jul og godt nyttår, men det gir oss jo eit høve til å fortelja at vi omsider er tilbake i jobb.



 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no