skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Beckham og damene

Fotballspelaren Davis Beckham er i hardt ver i desse dagar. To damer påstår at dei har hatt intime stunder med den gifte tobarnsfaren, men Beckham sjølv hevar seg over skuldingane.
Av Egil Johan Ree

Publisert 20.04.2004 14:31.
Det er ikkje statsminister Blair og dei britiske soldatane i Irak som opptar lesarane av engelske tabloidaviser nå om dagen. Det store spørsmålet er om David Beckham har hatt seg erotiske sidesprang. Han er, som alle opplyste lesarar veit, gift med den tidlegare popstjerna Victoria, og som gift mann med to barn burde han ikkje tøysa rundt med andre kvinnfolk. Men nå er det heile to damer som hevdar at dei har vore saman med fotballspelaren. Det er den største saka i britisk tabloidpresse sidan det kom ut ei bok om prinsesse Diana i 1992, har ein tidlegare tabloid-redaktør sagt til BBC, så det er ikkje vanskeleg å skjøna at dette skakar opp folk på dei britiske øyane.

Dei alvorlegaste skuldingane kjem frå ei dame som heiter Rebecca Loos. Ho hevdar at ho vart forførd av Beckham på eit hotell i Madrid i september i fjor. Dette kan sjølvsagt ingen kontrollera, men det spelar lita rolle for frk. Loos, for ho er blitt mangemillionær på skuldingane. Britiske aviser hevdar at ho til nå har tent om lag 12 millionar kroner på å stå fram med historia. Sju og ein halv av dei skal ho få for eit timelangt fjernsynsintervju som skal gå i morgon. Der skal ho etter det fjernsynskanalen opplyser, fortelja oppriktig og avslørande og leggja fram intime detaljar om tilhøvet til den engelske fotballspelaren.

Det er ikkje opplyst kva den andre dama, Sarah Marbeck, har tent på å fortelja om sitt møte med David Beckham, men avisene skriv nå at ho arbeider som callgirl i luksusklassa. Meininga med å opplysa om det, er vel å framstilla henne som noko mindre truverdig enn frk. Loos.

Så skulle ein tru at det har vore stor oppvask i Beckham-heimen, at Victoria har kravd å få vita sanninga og eventuelt kontakta skilsmisseadvokat. For alt vi veit har det gått heitt for seg i familien, men mykje tyder på at fotballhelten har greid å overtyda kona om at det heile er slarv og oppspinn, for dei siste par dagane har paret demonstrativt synt seg fram for alt folket hand i hand, smilande og leande som om ingenting har hendt.

Og det har det kanskje ikkje heller. Sanninga får vi truleg aldri vita, og i grunnen er ikkje det så viktig heller - ikkje for oss i alle fall, og slett ikkje for dei britiske tabloidavisene.














 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no