Kåseriet: Den farlege russiske gruveindustrien11 av dei 13 gruvearbeidarane som i fem dagar har vore innesperra i ei gruve i Russland, vart henta ut i live i dag. Det gjekk altså betre enn venta denne gongen, for det er mange gruveulykker med store tap av menneskeliv i Russland.
Av Egil Johan Ree Publisert 29.10.2003 14:35. Samtidig som meldinga kom om dei 11 som var blitt berga i gruveulykka i Novosjaktinsk sør i Rusland, vart det meldt frå den russiske stillehavskysten at minst fem arbeidarar har mista livet i ein eksplosjon i ei gruve ved byen Vladivostok. Det kjem neppe som noka stor overrasking for folk i Russland, for det står ikkje bra til i den russiske gruveindustrien, og meldingar om ulykker er blitt altfor vanlege.
I Novosjaktinsk må gleda ha vore stor då dei i dag tidleg kunne slå fast at så mange som 11 hadde overlevd. Ein person er funnen død og ein er sakna, men mange hadde nok rekna med å finna fleire døde.
Det var for ei snau veke sidan at vatn frå ein underjordisk innsjø strøymde inn i kolgruva i Novosjaktinsk. 71 personar var inne i gruva då vatnet kom. 25 kom seg ut med det same, 33 vart berga ut laurdag. Sidan har bergingsmannskapet kjempa mot klokka for å koma fram til dei siste 13. Dei vart hjelpte av beskjedar som dei innesperra hadde skrive på veggene i gruva. Den siste operasjonen gjekk ut på å bora ein 50 meter lang tunnel gjennom stein og kol. Framleis rann det vatn inn i gruva og det store spørsmålet var om dei innesperra hadde funne ein luftlomme der dei kunne overleva.
I ulykka ved Vladivostok i dag var det metangass som eksploderte i ein gruvegang 750 meter under bakken. 71 skal vera redda ut, men dei siste meldingane tyder altså på at minst fem har mista livet.
Det må vera tusenvis av gruver i Russland, og mange av dei er i dårleg stand. I sovjettida var ikkje tryggleik på arbeidsplassen noka prioritert oppgåve. Planøkonomien hadde som mål å produsera så mykje som råd, kosta kva det kosta ville. Alt tyder på at det i den nye økonomien heller ikkje blir lagt vekt på tryggleiken for arbeidarane. Mange av gruvene slit tungt økonomisk, og då er det gjerne andre ting som blir prioriterte framfor å gjera arbeidsplassane trygge. Arbeidarane vågar ikkje pressa på med krav, for resultatet kan lett bli at arbeidsplassane blir lagde ned.
Akkurat det kjem etter alt å døma til å skje med dei som var så heldige å overleva ulykka i Novosjaktinsk. Dei har ikkje fått løn dei siste sju månadene, og nå blir gruva truleg stengd fordi det ikkje løner seg å gjera henne trygg.
|