skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Intelligente handlevogner

Nå kan vi snart gå rundt i butikken med ei såkalla intelligent handlevogn. Den skal kunna gi oss råd og vink om kva vi bør handla den dagen.
Av Egil Johan Ree

Publisert 28.10.2003 14:22.
Den intelligente handlevogna skal sjølvsagt vera utstyrd med ein skjerm, for skjermen er etter kvart blitt eit uunnværleg innslag i kvardagen. Vi ser frukost-TV på skjerm, mange av oss brukar det meste av arbeidsdagen framfor ein skjerm, vi ser på den vesle skjermen på mobiltelefonen og avsluttar dagen i godstolen framfor TV-skjermen heime. Nå skal vi altså og måtta glo på ein skjerm når vi går i butikken.

Tre av dei store selskapa i databransjen tevlar om å vera først ute med den intelligente handlevogna, fortel den danske avisa Jyllandsposten. Formålet skal visst nok vera å gjera det lettare og billegare for oss å handla.

Vi forstår det slik at vi kundane skal vera utstyrde med eit kort. Danskane kallar det innkjøpskort. Dette skal vi dra gjennom ein scanner på handlevogna og så skal livet bli enklare og greiare på vegen gjennom butikken. Om vi forstår det rett, skal kortet innehalda elektroniske opplysningar om handlevanane våre, om kva vi altså har kjøpt før. Vidare forstår vi det slik at kortet også skal kunna fortelja kva slag smak vi har når det gjeld f.eks. kjøt eller vin.

Så skal skjermen då til dømes opplysa om at i dag er det tilbod på oksekjøt, for kortet fortel at vi ofte handlar oksekjøt og at dette tilbodet då er ekstra interessant for oss. Vidare skal skjermen minna oss om at det nå er tre veker sidan vi kjøpte dopapir, så nå er det kanskje på tide å fornya lageret.

Så avansert skal visst nok utstyret vera at dersom vi har kjøpt oss f.eks. laks til middag, så skal skjermen ut frå det kortet veit om preferansane våre kunna fortelja oss kva slag kvitvin vi bør kjøpa. Men då snakkar vi rimelegvis om Danmark der dei sel vin i kolonialbutikkane.

For kjøpmannen gir sjølvsagt skjermen eit framifrå høve til å plaga oss med reklame i von om at vi skal kjøpa meir enn vi eigentleg hadde tenkt. På den andre sida kan kanskje skjermen bidra til at vi får litt mindre av den papirreklamen som fyller opp postkassen heime.

Førebels er vi usikre på om vi skal sjå den intelligente handlevogna som eit framsteg eller det motsette. For så vidt kan det vera det same kva vi meiner, for når så langt kjem at alle handlevogner er utstyrde med skjerm, så må vi bruka slike vogner i butikken anten vi vil eller ikkje. Men vi går ut frå at ingen tvingar oss til å trekkja kortet gjennom scanneren.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no