Kåseriet: Kvifor er amerikanarane så slemme?Ein rapport som er lagt fram for den amerikanske administrasjonen syner at den muslimske verda blir stadig meir fiendtleg innstilt overfor USA. Rapporten tar til orde for fleire tiltak for å bøta på dette.
Av Egil Johan Ree Publisert 02.10.2003 14:35. Amerikanarane kjenner seg misforstått i verda. Dei har vanskar med å forstå at ikkje alle andre deler deira verdiar og vurderingar. Nå sist gjeld det tilhøva i den arabiske og muslimske verda. Det kvite hus har oppdaga at folk i den muslimske verda ikkje er særleg blide på USA for tida og har sendt ein delegasjon med 13 medlemer på ein lang tur til Midt-Austen, Asia og Europa for å kartleggja korleis det står til. Rapporten frå reisa slår fast at hatet mot USA har nådd sjokkerande høgder. Ei radikal strategisk omlegging av amerikansk PR-politikk andsynes dei muslimske landa må til, hevdar rapporten.
I dag er situasjonen den at i Indonesia, det største muslimske landet i verda, er det berre 15 prosent av folket som er sympatisk innstilt overfor USA. For mindre enn eit år sidan var prosenttalet 65. Ein prosent av folket i Jordan ser positivt på amerikanarane. Eit halvt år tidlegare var talet 25 prosent. Tal frå andre arabiske og muslimske land syner eit tilsvarande mønster.
President Bush og dei konservative medarbeidarane hans stussar nok fælt når dei ser slike tal. Truleg har dei problem med å forstå kvifor det har utvikla seg slik. Her har dei reist ut i verda for å kjempa mot tyranniske herskarar og farlege terroristar, for å spreia demokrati og velstand blant folk, og så møter dei ikkje anna enn hat og mistru.
Kritikarar i Washington og i den muslimske verda har peika på at dersom USA ønskjer meir sympati frå muslimane, burde landet kanskje tenkja på å leggja meir press på Israel. Så lenge Ariel Sharons regjering får fritt spelerom til å hanskast med palestinsk terrorisme på sin omsynslause måte, blir USA rekna som medskuldig. Og okkupasjonen av Irak der det truleg ikkje var masseøydeleggingsvåpen og der det framleis er bortimot kaotiske tilstandar, er ikkje eigna til å auka respekten for USA blant muslimane i verda. Det dei ser er ei rik og mektig supermakt som tar seg til rette der det finst eitkvart dei ikkje likar.
Rapporten frå den reisande delegasjonen er også inne på at hatet mot USA kanskje har noko med den amerikanske politikken å gjera, men kjem ikkje med framlegg om å endra denne politikken. Eit slikt framlegg ville neppe møtt særleg forståing i Det kvite hus. Delegasjonen meiner at det som skal til er meir informasjon om amerikanske verdiar og om kva amerikanarane verkeleg står for. Det kjem nok til å gjera inntrykk på dei mistruiske muslimane!
|