Av
Kjetil Malkenes Hovland
Forskarane har lenge prøvd å finne eit alternativ til giftstoffet rotenon i kampen mot lakseparasitten gyrodactylus salaris. Å drepe alt liv i elvane for å redde laksestammane frå parasitten, er kontroversielt.
I eit stort forsøk i Battenfjordselva i Møre og Romsdal har forskarane teke knekken på lakseparasitten gyro, utan bruk av rotenon. Vegen fram til det som kan vere eit forskningsgjennombrot, har vore lang.
- Aliminium kan erstatte rotenon
I Battenfjordselva i Møre og Romsdal kan det vere gjennombrotet som er komme.
 |
Rotenondaud laks. No kan rotenon bli erstatta av aliminium, som har vist seg effektiv mot lakseparasitten gyrodactylus salaris. |
- Lukkast vi her, vil truleg aliminium erstatte rotenon som hovudkjemikaliet i kampen mot gyrodactylus salaris. Det vi ser, er at aliminiumen tek livet av parasitten utan å drepe laksen, seier prosjektleiar Espen Lydersen.
- Vi gjorde forsøk med infisert laks og aliminium, og såg at vi fekk kjempe-lovande resultat. Når vi såg på kva elvar som ikkje har parasitten, ser vi at dei litt forsura elvane ikkje har parasitten. Difor gjekk vi vidare med forsøka, held Lydersen fram.
Skilde leirar i forskinga
Forskingsmiljøa har vore delt i ein rotenon-leir og ein aliminiums-leir, og kjempa på kvar si side om statlege midlar.
- Då er det eit spørsmål om myndigheitene er villige til å investere. Sjølve kjemikaliane er truleg rimelegare enn rotenon, seier Lydersen.
Fiskerne i Rauma i Romsdal gleder seg over forsøkene som viser at aluminium tar livet av lakseparasitten. Kaare Fostervoll i Åndalsnes og Omegn Jeger- og Fiskerforening krever nå at det må brukes aluminium også i Rauma:
- Dette er vegen å gå
- Ja, dette er definitivt vegen å gå, seier Fostervoll.
- Eg må seie no er eg veldig optimistisk. Eg trur veldig mange, ja dei fleste sportsfiskarar og elveeigarar har ein gledens dag i dag, held han fram.
Kampen mot gyrodactylus salaris har vore mislukka i Rauma-vassdraget. For ti år sidan vart elva handsama med rotenon, men parasitten kom attende. Men forsøka i Battenfjorden viser at også Rauma-vassdraget kan reddast, meiner Fostervoll.
Han er ikkje i tvil om at aliminium er det rette for å få Rauma på rett kjøl.
- Eit spørsmål om tid
- Eg trur vi kan halde parasitten nede på eit minimum, omtreng gyro-fritt, slik at laks og sjøaure kan vekse opp og formeire seg på naturleg måte. Det er berre eit spørsmål om tid før Rauma er ei fullverdig god fiskeelv for laks og sjøaure, seier Fostervoll.
- Eg håper Rauma kan vere friskmeld i 2005, legg han til.
Direktør i Direktoratet for Naturforvaltning Janne Solli er ikkje like overtydd på at aliminium åleine er godt nok.
- Forsøka viser at aliminium kanskje må brukast i kombinasjon med rotenon, seier ho.
- Vil ta fire-fem år
- Så snart metoden er godt nok utprøvd, vil vi nytte han i fullskala der det er mogeleg. Det har vist seg fram til no at det må vere ein viss surheit i vatnet for at metoden skal verke. Men vi trur det vil ta fire-fem år før vi er klar til å bruke denne metoden, held Solli fram.
Førebels er myndigheitene sine handlingsplanar mot lakseparasitten basert på bruk av rotenon.
- Men vi vil halde fram utprøvinga av denne metoden også til neste år. Det er veldig lovande det som har komme fram så langt, seier Janne Solli.
Programmet Ut i Naturen har følgd hele forskningsprosjektet i Battenfjordelva. Det programmet går i NRK1 tysdag kveld klokka 19.30.