skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Pippi og Tjorven skal snakka norsk

Nå skal Tjorven, Emil og dei andre figurane i fjernsynsutgåva av Astrid Lindgrens forteljingar snakka norsk. Svenskane trur ikkje norske barn får med seg det dei seier i den svenske originalutgåva.
Av Egil Johan Ree

Publisert 29.09.2003 14:14.
Farbror Melker, seier Tjorven i den fjernsynsversjonen av livet på Saltkråkan dei fleste av oss kjenner. I den grad norske ungar har tenkt på det, har dei sikkert gått ut frå at farbror Melker verkeleg var fabror, altså bror til Tjorvens far. For det svenske språket kan vera lumsk for oss nordmenn av og til, og vi treng ikkje hovera vi vaksne som har lært at farbror på svensk er det same som onkel på norsk og at det såleis ikkje seier nokon ting om slektskapsforholdet.

Nå har svenskane funne ut at dei ikkje skal plaga norske ungar med svensk tale på filmane og fjernsynsseriane om Tjorven og Emil og Pippi og alle dei andre figurane til Astrid Lindgren som er like populære her i landet som i heimlandet. Filmane skal dubbast, som det heiter, det vil seia at norske skodespelarar skal lesa inn replikkane på norsk. Aftenposten fortel om saka i dag og presenterer Tiril Heide-Steen, dotter til den velkjende revyskodespelaren med same etternamn. Ho skal vera Tjorven i den norskspråklege utgåva av Vi på Saltkråkan.

Så kan vi kanskje venta oss repitisjon på den gamle diskusjonen om vi skal omsetja nabospråka våre til norsk. I litterære krinsar krangla dei ivrig om dette i si tid. Mange meinte at vi burde spara oss for å omsetja svensk og dansk litteratur til norsk. Så pass dana burde vi vera at vi greide å lesa svenske og danske forfattarar på originalspråket. Men forlaga visste betre. Dei innsåg at vi var for late til å orka å gi oss i kast med bøker på svensk og dansk, så dei heldt fram med å omsetja.

Svenskane, som veit at stadig nye generasjonar kjem til å ha glede av Astrid Lindgrens frodige figurar, brukar nå millionar av kroner på å dubba dei gamle filmane og fjernsynsseriane til norsk. Og sjølvsagt har dei eit poeng. Det er klart at dei fleste norske barn ikkje får med seg alt det dei svenske skodespelarane seier. Og dei minste er ikkje i stand til å lesa rulletekstane. Men så er det samtidig litt synd, for med Tjorven og Pippi og pappa Anton og alle dei andre fekk norske ungar øyra for det svenske språket. Dei lærde litt, og det har ungar godt av.

Så eigentleg burde vi beklaga det som skjer. Og for oss vaksne blir det aldri det same om vi nå saman med barnebarna må høyra Allan Edwall ropa på norsk til Emil - din hersens unge, eller kva nå "förgrämade" måtte bli omsett med.



 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no