skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Kritisk til mobbe-tala

- Mobbinga er halvert i skular som deltek i "Manifest mot mobbing", seier statsminister Kjell Magne Bondevik. Men tala blir trekt i tvil av forskarar.

Publisert 25.09.2003 15:06. Oppdatert 25.09.2003 15:07.
Av Kjetil Malkenes Hovland og Mari Allgot Lie

- Vi har gjort ein nasjonal u-sving i arbeidet mot mobbing, sa ein nøgd statsminister Kjell Magne Bondevik under ein pressekonferanse ved Uranienborg skule i Oslo torsdag.

Rektor Liv H. Hernæss Strand ved Uranienborg skule helsar på statsminister Kjell Magne Bondevik. Bondevik orienterte om "Manifest mot mobbing", som vart lansert i fjor. (Foto: Scanpix)
Der presenterte Bondevik ei undersøking som seier at mobbinga er halvert i skular som har underteikna "Manifest mot mobbing". I manifestet lovar skulane å kjempe mot mobbing.

- Femti prosent færre mobbarar

- Ved dei skulane der dette har vore gjennomført, og der det no er gjort undersøkingar, har det openbert verka. På dei 39 skulane som er undersøkt, er det førti prosent færre som seier at dei blir mobba, og femti prosent færre som seier at dei mobbar.

Men ikkje alle er like imponert over dei rosenraude tala som statsministeren legg fram.

- Tala er jo litt oppblåste, for det er jo ikkje slik at det er femti prosent nedgang, seier Trond Blindheim, samfunnsforskar ved handelshøgskulen BI.

- Måler ikkje faktisk åtferd

- 13,9 prosent sa at dei vart mobba før tiltaket vart sett inn, og no er det 8,4 prosent. Dette treng ikkje å vere nokon dramatisk nedgang, når ein tenkjer på dei tiltaka som er sett inn. Dessutan er tala samla inn altfor nært opptil kampanjen, seier Blindheim.

Blindheim samanliknar det med ein gammal Alkokutt-kampanje der alle skulle slutte å drikke klokka 23. Når ein undersøkte kva som var skjedd eitt år seinare, var alt tilbake ved det gamle.

- Dessutan måler denne undersøkinga berre intensjonane og haldningane til elevane, ikkje den faktiske åtferda deira. Det blir litt politisert forsking, dette, seier Blindheim.

Burde målt om eitt år

Også andre har tal som viser eit anna bilete av mobbesituasjonen enn det statsministeren viser.

Elisabeth Backe-Hansen, NOVA.
- Vi har litt andre tal, seier Elisabeth Backe-Hansen, forskningsleiar ved Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (NOVA).

- Vi gjennomfører generelle ungdomsundersøkingar, der vi også spør om erting, plaging og utfrysing. Regjeringa sine tal er bygd på undersøkingar ved skular der det har vore mykje merksemd på mobbing, og er gjort rett etter kampanjen. Det kan vere at tala var annleis om ein hadde gjort dei eitt år seinare, seier ho.

Elevena må sitje igjen

Elevane ved Uranienborg skule har klare punkt å halde seg til i kampen mot mobbing.

- Komme med negative kommentarar, kverulere, ikkje ta eit nei for eit nei. Gjer vi desse tinga må vi sitje igjen. Får vi eitt kryss, må vi sitje igjen i fem minutt, seier nokre av elevane i skulegarden på Uranienborg.

Det finst fleire ulike program som jobbar for å unngå mobbing i skulen, mellom anna Olweus-programmet og Zero-programmet. Det er førstnemnde som har lagt fram denne undersøkinga frå nokre av skulane som har delteke i kampanjen "Manifest mot mobbing".

Visjon om nulltoleranse

Eitt år står no att av regjeringa sin kampanje mot mobbing.

- Det skal ikkje forekomme langvarig mobbing av ein elev utan at vaksne grip inn. Det er vår visjon. Vi kan ikkje ha eit mål om to prosent eller fem prosent mobbing, vi må ha nulltoleranse som prinsipp, seier statsministeren.

- Vi ville syns at det var ein viktig ting om ein ikkje berre fokuserte på mobbing i slike kampanjar, men viss ein til dømes også arbeidde mot ungar som blir sosialt ekskluderte, seier Elisabeth Backe-Hansen i NOVA.

- Vi tykkjer det er viktig med kampanjar, men vil gjerne at ein fokuserer litt breiare, seier ho.

Får kritikk frå homofile

Også Ungdomsutvalet i Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring (LLH)kritiserer mobbe-motstandar Bondevik. I ei pressemelding utfordrar dei statsministeren til å jobbe meir mot mobbing av unge homofile.

LLH sitt ungdomsutval tykkjer det er trist at Bondevik ikkje tek sterkare til orde for å få slutt på denne mobbinga. Dei meiner Bondevik har sagt fleire gonger at homofili er synd og at homofile bør leve i sølibat for ikkje å synde mot Gud.




 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no