skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Godt og dårleg nytt frå kongelege krinsar

Dagens lyspunkt for dei som er interesserte i kongestoff, kjem frå Danmark der det er kunngjort at kronprins Fredrik skal gifta seg. Men ikkje alt er like oppmuntrande i dei kongelege krinsar.
Av Egil Johan Ree

Publisert 24.09.2003 14:23.
orfattar og prinsessegemal Ari Behn har som mange veit skrive ny bok. Den skal koma ut i neste månad her i landet, endå til som hovudbok i Bokklubben Nye Bøker. Men svenskane skal ikkje få lesa boka - i alle fall ikkje på sitt eige språk. Ari Behns svenske forleggjar har kunngjort at han ikkje vil gi ut boka. Ho er ikkje bra nok, seier han.

Slikt må vera nedslåande å høyra for ein ambisiøs forfattar, men det kan kanskje vera eit lite plaster på såret at boka skal gis ut i Danmark og at Ari Behn dessutan truleg kan bu seg på å reisa til København og vera med på bryllaupsfeiring komande vår. Det er nemleg kunngjort offisielt i dag at den danske kronprinsen Frederik skal gifta seg med si australske veninne Mary Elizabeth Donaldson.

Den danske avisa Politiken antydar at kunngjeringsdagen er nøye uttenkt av det danske hoffet. Dei danske vekeblada kjem nemleg ut i morgon, blada er sende til trykking, så nå greier dei ikkje å få meldinga med før i neste veke. Det er ikkje første gongen hoffet lurer den danske vekepressa på denne måten. Vekebladredaktørane sender ingen varme tankar til Slottet i dag, men seinare skal dei nok få gni seg i hendene, for ingenting er som eit kongeleg bryllaup for eit vekeblad.

Det skal vi nok få merka her i landet også, ikkje minst i bladet som nå kjem to gonger i veka og gjerne vil kalla seg avis. Bortsett frå ein komande fødsel, er det ingen storhendingar i sikte ved det norske hoffet, i alle fall ikkje bryllaup, så ein kongeleg dansk bryllaupsfest kan koma godt med.

Den danske tronarvingen har altså tilliks med broren reist halvvegs rundt jorda for å finna seg kone. Det er ikkje så mange prinsesser å velgja i for tida, så også det danske kongehuset må finna seg i ei komande dronning utan såkalla blått blod. Til gjengjeld har ho eit fornamn, Mary Elizabeth, med god klang i europeisk kongeleg tradisjon. Frk. Donaldson er dotter av ein professor i matematikk og er sjølv jurist. Ho har jobba med reklame og eigedomshandel og er for tida tilsett i eit IT-selskap i København. Jyllandsposten har funne lite negativt om henne, bortsett frå at ho var svært snakkesalig i tenåra. Det er ho ikkje nå lenger, skriv avisa, for til dansk presse smiler ho og nektar å kommentera stort anna enn veret. Det tyder i så fall på at ho alt har forstått korleis kongelege skal te seg.






 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no