Kåseriet: To meiningslause drapMedia i Sverige, og også her i landet, sette i går alle krefter inn for å dekkja det tragiske drapet på den svenske utanriksministeren. Meldinga om eit brutalt drap på ei fem år gamal svensk jente vart nesten ikkje lagt merke til.
Av Egil Johana Ree Publisert 23.09.2003 14:43. Oppdatert 23.09.2003 14:50.Vi lar oss riva med når det skjer slike dramatiske ting som det som skjedde i Sverige. Ein respektert og folkekjær politikar blir stukken ned og drepen. Eit meiningslaust drap. Det gjer inntrykk på oss, jamvel om vi ikkje hadde noko spesielt forhold til den svenske utanriksministeren. Vi set oss ved radio- og fjernsynsapparata og høyrer på vener og kollegaer av Anna Lindh som med tårer i augo og sorg i røysta kommenterer drapet og fortel kva slag menneske ho var. Fjernsynet har utvida sendingar, oppsette program må vika.
Så dukkar det opp ei melding om at ei fem år gamal jente er stukken ned og drepen i ein barnehage i Arvika, men meldinga blir borte i mengda av stoff om utanriksministeren. Normalt ville dette vore ei toppsak i svenske media, kanskje og i norske: eit drap like brutalt og meiningslaust som drapet på Anna Lindh. Vi kan nå i ettertid lett sjå for oss sjokkerte barn og funksjonærar i barnehagen, sørgjande foreldre, sysken, besteforeldre. Men vi høyrde ikkje noko særleg om dette i går. Det står ikkje så mykje om saka i dag heller, korkje i svenske eller norske aviser.
I dag får vi vita at den psykisk sjuke pasienten som utførde drapet på femåringen var inspirert av drapet på Anna Lindh. På institusjonen der han var, hadde legane informert pasientane nokså detaljert om det som hadde hendt med utanriksministeren. Den 25 år gamle mannen gjekk deretter ut og fann den vesle jenta i barnehagen.
Det er den brutale røyndomen i alle redaksjonar at dei vurderer drapet på ein kjendis som viktigare enn drapet på eit anonymt lite menneske. Og når kjendisen er ein framståande politikar, blir saka endå større. For journalistar og politikarar lever tett innpå kvarandre. Dei stiller opp for kvarandre i vanskelege stunder.
Det var ein tragisk dag for Sverige i går. Landet mista utanriksministeren og kanskje ein komande statsminister. Viktige spørsmål om demokratiet og det opne samfunnet kom på dagsordenen. Men for mange var det like tragisk at ei fem år gamal jente i ein barnehage brått vart borte.
|