skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Tyskland vil bli meir sexy

Tyskland skal nå gå i gang med ein kampanje for å gi folk i utlandet eit meir positivt og moderne bilete av landet. Tyskarane er uroa over at mange utlendingar assosierer landet deira med nazisme og anna som høyrer fortida til.
Av Egil Johan Ree

Publisert 24.09.2003 14:23.
Ikkje før har den italienske statsministeren Berlusconi sagt seg lei for at han fornærma tyskarane i Europaparlamentet, så kjem ein av statssekretærane hans med nye nedsetjande fråsegner. Stefano Stefani, som er statssekretær med ansvar for turisme, har i svært udiplomatiske ordelag karakterisert tyskarane som blonde og uniformerte supernasjonalistar som høgrøysta invaderer dei italienske strendene om sommaren og knabbar solsengene frå italienarane.

Som vi hugsar dumma statsminister Berlusconi seg ut i Europaparlamentet nyleg med å tilby ein tysk representant rolla som leirkommandant i ein film om krigstidas tyske konsentrasjonsleirar.

Ein bør såleis ikkje undra seg over at tyskarane er bekymra for kva slag inntrykk utlandet har av dei. Dei italienske fornærmingane er kanskje ikkje representative, men tyskarane trur i alle fall sjølv at utanverda ser på dei som eit traust og tregt og øldrikkande folk som rett nok arbeider hardt og effektivt, men som elles er nokså keisame. Og så er det heile tida denne nazi-fortida som ikkje er så lett å gløyma. Og nå kjem det snart mengder av opplysningar frå Stasi-arkiva i det tidlegare Aust-Tyskland, opplysningar som kjem til å syna at tusenvis av aust-tyskarar var Stasi-medarbeidarar og sladra på både slekt og vener og naboar.

Her trengst eit nytt image, seier tyskarane, og BBC melder nå at det blir sett i gang kampanjar for å få folk i utlandet til å skjøna at det moderne Tyskland ikkje er slik mange trur. Nå skal Tyskland framstå som sexy, forstår vi. Tyske styresmakter skal blant anna gjera folk merksame på den årlege tekno-dans-festivalen i Berlin der halvnakne ungdomar slår seg laus i gatene, og den såkalla Kjærleiksparaden. Meininga er vel då at vi utlendingar skal sjøna at tyskarane i alle fall ein gong i året er erotisk frilynde.

Vidare skal vi få vita at det ikkje er trauste øldrikkarar, men folk som supermodellen Claudia Schiffer og sportsheltar som Jürgen Klinsmann og Boris Becker som er representative for dagens tyskarar.

Vi kan berre ønskja tyskarane lykke til med kampanjane. Vi skal gjera vårt beste for å gløyma gamle fordomar og stereotypar, men tyskarane bør neppe ha illusjonar om at dei skal greia å gjera inntrykk på statsminister Berlusconi og dagens italienske styresmakter.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no