Kåseriet: Edward Teller - omstridd atomforskarDen 95 år gamle amerikanske vitskapsmannen Edward Teller døydde i går. Teller var ein kontroversiell forskar, men han var sentral i utviklinga av amerikanske atomvåpen.
Av Egil Johan Ree Publisert 10.09.2003 14:17. Hydrogenbombas far, vart han kalla. Han var sjølvsagt ikkje åleine om å utvikla dette skremmande våpenet, men det var Teller som var pådrivaren. Som ihuga anti-kommunist var han ein konsekvent tilhengjar av å utvikla våpen slik at amerikanarane kunne ha overtak på russarane.
Edward Teller var fødd i Ungarn og utdana seg i Tyskland, seinare og i Danmark hos den berømte fysikaren Niels Bohr. Teller var jøde og reiste difor frå Hitlers Tyskland i 1935 for å slå seg ned i USA. Då den andre verdskrigen kom, oppmoda president Roosevelt forskarar til å arbeida for å knekkja Hitler og nazismen, og Teller bestemte seg for å bruka kunnskapane sine til å utvikla atomvåpen.
Robert Oppenheimer etablerte det hemmelege vitskaplege atominstituttet i Los Alamos i 1943, og Edward Teller var ein av dei første som vart beden om å vera med. Her utvikla dei atombomba som knuste Hiroshima og Nagasaki og gjorde slutt på den andre verdskrigen.
Verknadene av Hiroshima-bomba gjorde eit stort inntrykk på Oppenheimer og mange andre av forskarane som hadde vore med på prosjektet. Dei hadde lite lyst til å halda fram med atomvåpenforsking, somme var til og med sterkt imot det, men Teller var ikkje avskremd. Han ville gå vidare og utvikla ei endå sterkare atombombe. Det greide han. I 1952 prøvesprengde amerikanarane den første hydrogenbomba. Den var 2500 gonger sterkare enn bombene over Hiroshima og Nagasaki.
I 1950-åra var kommunisthysteriet på sitt verste i USA. Tellers tidlegare sjef Robert Oppenheimer vart mistenkt for å ha venstre-sympatiar. I så tilfelle ville han vera ein tryggingsrisiko og difor uskikka til å arbeida med hemmelege våpen. I den offentlege høyringa vitna Teller mot Oppenheimer. Vitnemålet var ikkje avgjerande, men Oppenheimer mista tryggingsklareringa og karrieren hans var over. Mange forskarar tilga aldri Keller at han på denne måten hadde svikta sin gamle sjef.
Etter kvart vart Teller ein viktig rådgivar for styresmaktene i våpenspørsmål. Han var sterk motstandar av avtalen om å stansa prøving av atomvåpen i atmosfæren. I 1980-åra hausta han kritikk frå mange hald fordi han så varmt gjekk inn for president Reagans planar om å utvikla eit forsvarssystem i verdsromet for å stansa eventuelle åtak mot USA med atomvåpen.
|