skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Blonde eskimoar med blå augo

Kan vikingane på Grønland ha blanda seg med eskimoane for så å hamna i Canada?
Dette spørsmålet er blitt stilt mange gonger, og nå kan truleg islandske forskarar snart koma med svaret.

Publisert 04.09.2003 15:44. Oppdatert 04.09.2003 15:49.
Av Egil Johan Ree

Det har lenge versert historier om at det ein gong eksisterte blonde eskimoar - eller inuittar - med blå augo og skandinaviske trekk. Polarforskarar hevda å ha sett slike folk i Canada. Særleg var den islandske forskaren Vilhjalmur Stefansson opptatt av rykta om eskimoar med skandinavisk utsjånad. Stefansson ville gjerne bli berømt, så han brukte rykta som lokkemiddel for å skaffa pengar til ein ekspedisjon, og i 1910 skal ha møtt inuittane han leita etter. I morgon er det premiere i Canada på ein dokumentarfilm om den islandske polarforskaren. Der blir det sitert frå Stefanssons dagbok der han skriv om eit møte med tre menn med skjegg som hadde om lag same farge som hans eige og som såg ut som typiske skandinavar.

Stefansson trudde at desse folka kanskje var etterkomarar etter vikingane som slo seg ned på Grønland og som på 1500-talet vart sporlaust borte. Aviser over heile verda slo opp saka, så Stefansson greidde i alle fall å bli kjend.

Dagens forskarar tar Stefanssons forteljingar med ei klype salt. Dei minner om at han hadde sponsorar som måtte tilfredsstillast og føredragssalar som måtte fyllast med betalande tilhøyrarar. Han smurde kanskje vel tjukt på. Det er ikkje heilt sikkert at han møtte inuittar som såg så mykje annleis ut enn andre inuittar.

Men nå skal vi kanskje snart få eit sikrare svar på om det var slik at dei norrøne settlarane blanda seg med inuittane. Islandske antropologar har tatt i bruk DNA-testing for å finna ut om det kan vera hald i dei gamle rykta om samrøre. I fjor tok antropologen Agnar Helgason prøvar frå 350 inuittar i Canada og på Grønland. Desse har han samanlikna med det genetiske materialet vi kjenner frå middelalderen i Skandinavia. I neste månad skal resultatet av Helgasons gransking offentleggjerast.

I dag er det ikkje råd å sjå skandinaviske trekk hos inuittane i det aktuelle området i Canada. Det er tusen år sidan dei eventuelt møtte vikingane. Og den islandske antropologen presiserer at ein ikkje kjem til å få noko endeleg prov på at det finst vikingblod i dagens inuittar. Men dersom DNA-materialet stemmer, kan vi gå ut frå at det er svært sannsynleg at dei to folkeslaga møttest og blanda seg. Det vil i tilfelle gi oss ny forståing av kor mobile folk var i vikingtida og middelalderen.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no