Kåseriet: Til vers i Aust-AgderSalet av potenspiller går rett til vers på Sørlandet. I Aust-Agder har folk i år kjøpt 32 prosent fleire slike piller enn året før.
Av Egil Johan Ree Publisert 01.09.2003 14:29. Eldre folk slit ennå med gamle fordomar når det gjeld Sørlandet og folket som bur der. Den bløde kyststriba var full av bedehus og mørkemenn, trudde dei fleste. Sørlendingane snakka ikkje høgt om farlege emne som sex. Ein morsk pastor vart landskjend i 1950-åra då han gjekk i felten mot ei bok som etter hans meining hadde altfor frimodige erotiske skildringar. Folk i Mandal nekta å gå i bokhandelen så lenge boka stod i vindauga, og pastoren sytte for at boka var fjerna frå folkebiblioteket.
Men det var den gongen. I dag er visst sørlendingane nett som oss andre - eller vel så det, om vi skal tru den tilforlatelege avisa Agderposten. For avisa har tatt runden til apoteka i Aust-Agder og kome ut att med statistikk som viser at salet av potenspiller går til vers. Dei siste 12 månadene har aust-egdene kjøpt 32 prosent fleire slike piller enn dei gjorde året før. Det er faktisk i overkant av salet elles i landet, og avisa vågar å spå at dette berre er eit forvarsel om det som kan koma.
Ikkje uventa slit menn på Sørlandet med dei same problema som menn elles i landet: ganske mange over 40 år har ereksjonsproblem. Truleg har det vore slik lenge, men før i tida var det ikkje så mykje å gjera med det. Nå til dags finst det all slags remediar mot slikt. Det er berre å gå til legen og klaga og så springa på apoteket og kjøpa piller.
Det nye er vel at nå vågar folk å gå til legen med slike problem. Det var det ikkje så mange som gjorde før. Men nå er det meste av mystikken borte, seier ein apotekar til Agderposten. Potenspiller blir nå meir eller mindre oppfatta som eit heilt vanleg legemiddel. Kundane har små problem med å kjøpa dei. Det skulle forresten berre mangla, seier apotekaren.
Så dei som framleis måtte ha fordomar når det gjeld sørlendingar, dei som måtte ha tankar om at sex er noko folk langs kysten i sør ikkje vågar å snakka om, må ein gong for alle revidera oppfatning og få augo opp for at i alle fall i Aust-Agder er folk nett slik som andre når det gjeld den slags.
Ei anna sak som Agderposten tar opp er at salet av potenspiller har dabba av nå på ettersommaren. Avisa har ikkje noka forklaring på dette, men det kan vel tenkjast at den varme sommaren var så hektisk at aust-egdene treng ein pust i bakken.
|