 |
FILMELSKER: Bill Clinton koste seg ofte med en sigar og en god film |
Amerikanske fjernsynssjåarar skal i dag få sjå eit dokumentarprogram som fortel kva slag filmar amerikanske presidentar har forlysta seg med i Det kvite hus opp
gjennom åra. Den mest populære filmen er Gary Cooper-klassikaren Sheriffen.
Av
Egil Johan Ree
Mektige menn med tunge plikter har til liks med oss andre bruk for friminutt i tilværet. Dette gjeld også amerikanske presidentar som med ansvar for krig og fred og mykje anna, er mektigare enn dei fleste. Ikkje uventa viser det seg at presidentane som opp gjennom åra har vore innom Det kvite hus, gjerne koplar av med filmar.
Nå er det slik at mannen som styrde filmframvisaren for presidentane var ein samvitsfull type som nøyaktig noterte kva slag filmar presidentane ønskte å sjå, og amerikansk fjernsyn har nå laga dokumentarprogram på grunnlag av desse notata. I morgon skal amerikanske fjernsynssjåarar få vita kva presidentane slappa av med. Men avisa Los Angeles Times har alt nå fortalt det viktigaste.
 |
FAVORITT: Filmhelten fra Sheriffen, en mann å identifisere seg med |
Ein av dei mest populære filmane var western-klassikaren Sheriffen med Gary Cooper i hovudrolla. Heile 20 gonger ba Bill Clintom om å få sjå den. Dwight Eisenhower såg han tre gonger. Som somme hugsar, handlar filmen om den einsame, ærlege og ærekjære sheriffen som åleine tar på seg det tunge ansvaret å fri byen frå dei slemme kjeltringane som trugar med å overta. Gary Cooper, som spela sheriffen, fekk ein Oscar-pris for beste hovudrolle. I etterkant har vi forresten fått vita at når Cooper ser dradd og forpint ut i ansiktet, så er det ikkje bare som resultat av stor skodespelarkunst, men fordi han under innspelinga leid av vond hofte, ryggsmerter, blødande magesår og kjærleikssorg.
Men Sheriffen er ein mann med stor ansvarskjensle som må ta tunge avgjerder, ein mann som gjer det ein mann må gjera. Rimelegvis er det slik ein president ser på seg sjølv, så det er vel ikkje så rart at nett denne filmen var populær i Det kvite hus. Elles er det klart at Clinton såg eit stort utval av ulike filmar. Han var ikkje spesielt opptatt av erotikk eller romantikk, om nokon skulle tru det...
Det var derimot kanskje president Jimmy Carter for han var den einaste som ba om å få sjå film som var forboden for ungdom under 16 år.
Ronald Reagan, sjølv tidlegare filmskodespelar, såg sjølvsagt film i fristundene. Han såg og ein fjernsynsserie som han var så misnøgd med at han sende brev til regissøren om korleis presidenten syntes filmen burde lagast. Det lika regissøren lite.
 |
FAVORITT 2: Redd Menig Ryan er filmen Bush |
Når det gjeld dagens president George W. Bush, seiest det at hans favoritt er filmen Redd menig Ryan. Den handlar som mange veit, om krig.