Av
Egil Johan Ree
Den maritimt interesserte kongefamilien vår har vore i hardt ver dei siste dagane, i alle fall har motbøren vore i overkant av frisk bris. Majesteten sjølv har segla regatta i farvatna rundt Mallorca og sonen Haakon har vore på plass som tilskodar. Der dei kongelege ferdast, finst det og fotografar, og ein av dei fekk knipsa eit brukbart bilete av kronprinsen og Marius som følgde regattaen frå ein gummibåt. Så langt er alt vel og bra, men det alle kan sjå av biletet er at dei to tilskodarane ikkje har redningsvest på seg.
 |
BABYVEST:Det er utviklet redningsvester for spebarn.Så gjenstår det å se hvorvidt kronprinsen tar i bruk den til neste sommer. |
Nå er det opplese og vedtatt her i landet at alle bør ha redningsvest på seg når dei er på sjøen. Det er ikkje påbode, det er nok at vesten ligg i båten, men alle som er opptatt av tryggleik på sjøen er samde om at vesten helst bør vera på, for dersom du dett på sjøen og får vanskar med å berga deg, er det lite trøyst i at vesten ligg i båten.
Kronprinsen har såleis fått kritikk frå mange hald, ikkje minst frå Livredningsselskapet som han til alt overmål er den såkalla "høge beskytter" for. Svært tankelaust, sa visepresident i selskapet Torill Hindmarch, absolutt ikkje bra. Ho skulle personleg ta kontakt med kronprinsen og diskutera saka.
Vi vaksne, kronprinsar inkludert, bør sjølvsagt opptre som gode føredøme for den oppvaksande slekt. Når Haakon vaglar seg nonsjalant på gummibåtripa utan vest, er han ikkje noko godt føredøme for vesle Marius eller oss andre.
 |
UTEN VEST: Kong Harald seiler gjerne uten redningsvest, og tar Haakon i forsvar. |
Så skulle ein tru at kongehuset kanskje tok kritikken til seg og lova bot og betring, men slik gjekk det ikkje. Kongen sjølv rykte ut og fekk plass på førstesida i VG for å fortelja at det ikkje går an å ha redningsvest på seg når det er 35 grader i lufta. Då blir det ikkje verande ute på sjøen, sa kongen og rista på hovudet for å markera at han synest kritikken mot kronprinsen var meiningslaus.
Vi kan såleis slå fast at etter kongehusets meining, er bruken av redningsvest eit spørsmål om temperaturen i lufta. Kva Livredningsselskapet og andre relevante instansar meiner om det, veit vi ikkje.
Vi registrerer i alle fall at visepresident Hindmarch bøyer seg for kongen og tar sjølvkritikk for at ho var så krass første gongen ho uttala seg. Det er ikkje spøk å bli irettesett av sjølvaste majesteten. Men vi har mistanke om at ho inst inne held fast ved at det er lurt å bruka redningsvest, for ho vonar framleis på å få eit møte med kongehuset for å drøfta saka.