skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Bør forskarar gifta seg?

Forskarar i New Zealand har funne ut at hjernecellene til ugifte menn arbeider betre en cellene til dei som er gifte. Vitskapsmenn som giftar seg, gjer ikkje lenger store oppdagingar.
Av Egil Johan Ree

Publisert 10.07.2003 14:26.
Det må vera nedslåande å høyra for dei mange gifte og litt eldre forskarane som strevar med stoffet sitt og drøymer om å koma med nye viktige bidrag til verdas kunnskapsbank. Men tala frå universitetet i Canterbury i New Zealand synest å vera klare nok. Forskarane der har studert livet til 280 store vitskapsmenn og notert seg alderen då dei gjorde sine viktige oppdagingar. To tredelar av dei hadde prestert sitt beste før dei nådde midten av trettiåra. Dette samsvarar ganske godt med det Albert Einstein sa i si tid. Den store forskaren hevda at ein person som ikkje har gitt sitt store bidrag til vitskapen før vedkomande er 30 år, kjem aldri til å gjera det.

Forskarane i New Zealand påstår altså at dei store vitskaplege oppdagingane blir gjort av unge menn. Så snart dei giftar seg er det slutt på oppdagingane. Det same gjeld visstnok og for målarar, komponistar og forfattarar, men her får vi tru at dei new zealandske forskarane er på gyngande grunn. Det kan ikkje vera vanskeleg å finna kunstnarar med både kone og barn som presterer framifrå verk. Ektefeller kan til og med vera direkte årsak til at dei får det til. Eksemplet Jonas Lie er såleis velkjent. Vår klassiske diktar hadde stundom trong til å liggja lenge om morgonen, men då var kona Thomasine straks på plass for å vekkja han. "Stå opp og dikt, Jonas", sa Thomasine, og Jonas stod lydig opp og dikta bøker som rett nok ikkje blir så mykje lesne i dag, men som i alle fall ga han plass mellom dei såkalla "fire store" i norsk litteratur.

I meldinga frå New Zealand står det elles ikkje så mykje om kva som kan vera grunnen til at evna til epokegjerande forsking forsvinn når forskaren har skaffa seg ektemake. Undersøkinga slår berre fast at slik er det, så då får vi vel tru det. Det kan vel henda at det er så enkelt som at når forskaren giftar seg, så brukar han så mykje tid på å ta seg av kona at han ikkje greier å konsentrera seg skikkeleg om forskinga. Rapporten frå New Zealand fortel forresten ikkje noko om kvinnelege forskarar, så vi får ikkje vita om dei og stagnerer når dei giftar seg.

Uansett er det ingen grunn til å bli alarmert over det dei new zealandske universitetsfolka har funne ut. Forsking er det visst nok av, og om gifte forskarar ikkje kjem med revolusjonerande oppdagingar, så får vi vonag at dei til gjengjeld kan gle seg over å ha funne seg ektemake.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no