skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Hagen slår til igjen !

Carl I. Hagen vil gjera innvandringpolitikk til ei viktig sak i den komande valkampen. I går kom han med krasse utfall mot statsminister Bondevik og andre politikarar.
Av Egil Johan Ree

Publisert 09.07.2003 11:09.
Det er ikkje sikkert at Carl I. Hagen har fått solstikk, slik Kristin Halvorsen hevdar. I alle fall nektar han sjølv for at så er tilfelle. Rett nok held han seg på den spanske solkysten der temperaturen er over 30 grader, men Hagen har lang trening i å sola seg på dei spanske strendene, så vi får nok ta han på alvor når han skjeller ut statsministeren på førstesida i Dagbladet.

Statsminister Bondevik og dei andre politikarane som er usamde med FrP i innvandringspolitikken, står passivt og ser på at unge kvinnelege norske statsborgarar blir blodig valdtatt bryllupsnatta. Det hevdar Carl I. Hagen som sjølvsagt er merksam på at dette er ei spissformulering og difor får store overskrifter i media. Og overskrifter i media er viktig nå når det stundar mot valkamp.

Valdtekten som Hagen skuldar Bondevik for ikkje å gjera noko med, gjeld altså unge innvandrarkvinner som blir tvinga til å gifta seg. Når dei må i seng bryllupsnatta, er det valdtekt dei blir utsette for, meiner Hagen. Det same meiner forresten organisasjonen Human Right Service.

På kort tid er altså Bondevik og andre norske politikarar av FrP blitt skulda for medverknad til drap og for å la vera å bry seg med at unge kvinner blir valdtatt. Og ennå er ikkje valkampen kome skikkeleg i gang. Øystein Djupedal i SV gruar seg til valet, seier han, og han er nok ikkje den einaste som gjer det. Statsministeren sjølv tar det for så vidt med ro. Han meiner at slike utspel som dei Hagen kjem med nå, ikkje fortener nokon kommentar. Dette er eit panisk utspel frå Solkysten for å få merksemd gjennom krampaktige åtak mot andre, seier Bondevik.

Uanstendig, vondskapsfullt og vulgært, seier Øystein Djupedal, ei forsimpling av politikken.

Men slike kommentarar tar nok Carl I. Hagen med ro. Han kjenner velgjarane sine, meiner han og satsar nok på nok at utspel på dette nivået skal få fart i FrP-velgjarane i kommunevalet i haust.

AP-politikaren Saera Khan vonar at Hagen held seg i Spania lenge og at batteriet på mobiltelefonen hans går tomt. Men det er nok eit fåfengt ønskje. Hagen er ikkje den mannen som gløymer batteriladaren heime, så vi må alle vera budde på at det kan koma fleire flaue utspel frå solstrendene i Spania.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no