Kåseriet: Ansvarleg for drap?Framstegspartiet har gått hardt ut i innvandringsdebatten denne veka og får kritikk frå mange hald. Samtidig går partiet fram på den siste meiningsmålinga.
Av Egil Johan Ree Publisert 26.06.2003 14:25. Carl I. Hagen kan ta seg eit ekstra glas med noko godt i solveggen framfor bustaden sin i Spania der han for tida held seg som ferieinnvandrar. Han kan gle seg over den siste meiningsmålinga og fryda seg over at han og partifelle Per Sandberg atter ein gong har fått gitt snillistiske politikarkollegaer i andre parti eit spark bak.
Dagens meiningsmåling gir Framstegspartiet ein framgang på 2,4 prosentpoeng og plasserer partiet med ein samla oppslutnad på 24,3 prosent, tett opp i ryggen på Arbeidarpartiet.
Det høge talet har neppe samanheng med dei siste utspela i innvandrardebatten, for målinga vart sikkert gjort før FrPs innvandrarpolitiske talsmann Per Sandberg denne veka ga eit sterkt bidrag til å føra debatten ned mot eit nytt lågmål. I indignasjon over eit stygt drap på ei eldre kvinne i Haugesund og eit brutalt skyteoppgjer pakistanarar i mellom på Gardermoen, rykte Sandberg ut mot statsminister Bondevik og regjeringa hans pluss Jens Stoltenberg og Kristin Halvorsen. Dei var alle indirekte ansvarlege for kvart drap og kvar kriminell handling som asylsøkjarar og andre med framandkulturell bakgrunn måtte stå bak, hevda Per Sandberg.
Ei enkel sjel kan jo lura på kva partiet meiner om eit par andre stygge saker som skjedde om lag samtidig. I Skien braut ungdomar av norsk nasjonalitet seg inn i eit likhus og utførde handlingar som fekk det til å gå kaldt nedover ryggen på mange. Utanfor Bergen er ein norsk ungdom sikta for å ha slått i hel ein gamal mann i rullestol. Mon tru om Per Sandberg har tenkt å spørja kva Bondevik har tenkt å gjera med dei norske miljøa som slike ungdomar kjem frå?
Men Bondevik kan ta det med ro. Han får nok ingen spørsmål frå Per Sandberg om desse sakene. Og Sandberg lar seg neppe skremma av pressekommentarar og svar frå politikarane han sparka så grundig til. Ord og uttrykk som kynisk, grumsete, grovt overtramp, usmakeleg, brot på politiske og etiske køyrereglar er blitt brukte for å karakterisera Sandbergs utspel. Men partiformann Hagen tar saka med ro. Rett nok ville han ikkje ha brukt så krasse ord, men i sak er han samd med Sandberg, seier han. For Hagen veit kva som slår an og veit kva tid han skal slå til. Det skulle ikkje undra oss om han skårar endå nokre prosentpoeng på neste meiningsmåling.
|