skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Putin til pomp og prakt i England

Den russiske presidenten Vladimir Putin kjem til England i dag. Det er nesten 130 år sidan sist ein russisk statssjef var på offisielt statsbesøk i England.
Av Egil Johan Ree

Publisert 26.06.2003 10:41.
Det blir pomp og prakt når president Putin kjem til London, men dei som står for seremoniane vonar inderleg at det går betre i dag enn sist gong ein russisk statssjef kom på offisiell gjesting. Det var i 1874 då tsar Aleksander 2. drog for å helsa på dronning Viktoria, men yachten han kom med, gjekk på grunn utanfor Nederland, så dei høge damer og herrar kom mange timar for seint til London.

Den tidlegare KGB-spionen og etterretningssjefen Vladimir Putin er dronningas gjest og skal bu på Buckingham slott, men han er van med vakre salar, kunst og kostbare møblar frå Kreml der han har sin daglege arbeidsplass, så han lar seg neppe imponera over dronning Elizabeths husvære.

Det var nære band mellom det britiske hoffet og den russiske tsarfamilien i tida før revolusjonen. Den siste tsaren, Nikolai 2., var gift med Alexandra av Hessen som var dronning Viktorias barnebarn, men dei kom seg aldri på offisiell gjesting til England før dei vart drepne av bolsjevikane i 1918.

President Putin har streva hardt for å knyta Russland til Vesten og har god kontakt med statsminister Blair som han nå skal ha samtalar med. Dei var usamde om Irak-krigen, men dei som følgjer med på slikt, meiner at denne usemja ikkje kjem til å kasta skuggar over samtalane. I synet på kva som skal skje med Irak nå etter krigen, er Putin og Blair langt på veg samde.

Dei kjem sikkert til å snakka om dei fleste aktuelle utanrikspolitiske problem, men når det gjeld tilhøvet mellom Storbritannia og Russland, er det energispørsmål som blir det viktigaste. Oljeselskapa BP og Shell er i gang med store prosjekt, og britane er i ferd med å bli den største utanlandske investoren i Russland.

Britisk presse minner statsminister Blair om at han også bør ta opp vanskelege saker med Putin. Dei nemner korrupsjonen i Russland, problema for den frie pressa og ikkje minst den brutale konflikten i Tsjetsjenia.

Men først og fremst er dette eit besøk som skal markera godt venskap mellom dei to landa. I kveld gir dronninga statsbankett, onsdag skal Putin til Edinburgh og om kvelden same dagen er han middagsgjest hos borgarmeisteren av London.

Som eit ekstra teikn på godvilje frå britane si side, skal Putin få med seg heim att ei fane som har tilhøyrt eit russisk regiment og som vart smugla ut av Russland etter revolusjonen.h


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no