Kåseriet: Eit lykkeleg folk?Ni av ti nordmenn reknar seg som svært lykkelege eller ganske lykkelege. Dei som har det aller best, er folk som er gifte, går det fram av ei undersøking.
Av Egil Johan Ree Publisert 26.06.2003 10:40. Heile tida er det nokon som skal finna ut korleis vi har det. Mange pengar blir brukte på målingar og undersøkingar som skal granska korleis vi lever, kva vi likar eller mislikar, kva vi et og drikk og har på oss - og nå altså kor lykkelege vi er. Det er Dagbladet som fortel om denne siste undersøkinga. Den er utførd av analysefirmaet MMI etter oppdrag frå informasjonsbyrået Burson Marsteller.
MMI må ha treft det norske folket på ein god dag, for eit stort fleirtal, faktisk så mange som ni av ti, seier at dei er svært lykkelege eller ganske lykkelege. Og aller lykkelegast er folk som er gifte, deretter kjem sambuarar.
Av dette kan ein bli freista til å tru at Noreg må vera eit framifrå land å bu i. Vi kan ikkje sjå bort frå at statsminister Bondevik kjem til å inkassera undersøkinga som ein siger for den sitjande regjeringa. Det kan ikkje vera mange land som har så mange lykkelege folk. Ikkje minst må det vera kjekt for Bondevik og Kristeleg Folkeparti å sjå at det er ektepar som er dei aller lykkelegaste i landet. Tankekorset er kanskje at det stadig er færre av alle desse lykkelege som røystar på Kristeleg Folkeparti.
Samtidig med den norske undersøkinga kjem det ei finsk som fortel at barn i Noreg og Sverige er gladare enn barn i Finland. Svenske og norske barn blir oftare glade av små kvardagslege saker. Dei tykkjer og at dei oftare får bestemma over sine eigne liv og at dei lever meir meiningsfylte liv.
Glade barn, altså, og lykkelege vaksne her i landet, men snart kjem reportasjane i Dagbladet og andre blad om ferien og alle problema som då melder seg når mor og far og barn skal på ferie og bu tett saman. Då blir det sjau og spetakkel, krangel i baksetet og samlivsproblem på hytta. Det spørst om MMI hadde funne like mange lykkelege folk dersom dei hadde gjennomført undersøkinga i juni og juli månad.
Og når det gjeld opplysningane i undersøkinga om at dei aller lykkelegaste i landet er dei som lever i ekteskap eller sambuarskap, så må vi kanskje ta den informasjonen og med ei klype salt, for Statistisk Sentralbyrå kan fortelja at 47,8 prosent av alle ekteskap kjem til å enda i skilsmisse.
Det er såleis ikkje sikkert at MMI-undersøkinga om dei lykkelege nordmennene fortel heile sanninga om tilstanden i folket.
|