Kåseriet:
Saddam Hussein grev etter trøflarAmerikanarane vil gjerne ha tak i Saddam Hussein, men veit ikkje kvar han er eller om han lever. I mellomtida kjøper irakarar og utlendingar Saddam-suvenirar til stadig stivare prisar. Publisert 18.06.2003 15:10. Av Egil Johan Ree
Amerikanarane leitar etter Saddam Hussein, men veit eigentleg ikkje kvar dei skal leita. Diktatoren er borte vekk, nett som Osama bin Laden. Sist nokon såg han, skal vera ved ei bru over elva Tigris nord for Bagdad sentrum. Der skal han ha blitt boren på hendene av tilhengjarane sine den 9. april i år - dersom det då verkeleg var Saddam og ikkje ein av dobbeltgjengarane hans. For Saddam kan vera død, for alt ein veit, men det trur ikkje irakarar flest, så difor held amerikanarane fram med å leita.
Irakarane har visst fått eit noko ambivalent forhold til den tidlegare diktatoren. Det var få som tykte om han då han levde og få som saknar han, men nå, med amerikanarane som okkupantar og mellombels herskarar, mumlar mange om at han trass alt var leiar i landet og den som forsvara Irak mot ytre fiendar. Han var eit svin, blir det sagt, men han var vårt svin.
Og nå spring både irakarar og utlendingar på marknaden og kjøper suvenirar med tilknyting til Saddam Hussein. Så populære er desse suvenirane blitt at prisen har rasa i veret, fortel telegrambyråa. Amerikanske soldatar og utanlandske journalistar betalar gldeleg 100 dollar for ei klokke med Saddams bilete på urskiva. Før krigen var prisen om lag tre dollar.
Irakarane er visst ikkje så opptatt av desse klokkene, dei er mest interesserte i dei ulike videoane med opptak frå livet i Irak under Saddam Hussein, og her er det litt av kvart å velgja i. Nå kan ein få kjøpt videoopptak med titlar som "Saddams brotsverk", "Tyrannen" og "Etterretningstenesta avrettar folk". I opptaket med tittelen "Fedayin" kan ein sjå korleis ein irakar skjer halsen over på ein soldat. Uhyggelege saker, altså, men dei kjem ut i store opplag.
I den lettare sjangeren kan ein få kjøpt opptak frå fødselsdagfeiring til Saddams yngste dotter i 1982. Her dansar kona til Saddam magedans til ein patriotisk song frå krigen mot Iran.
Telegrambyrået Reuters har fått tak i fleire videoar med opptak frå livet i familien Hussein. Her har Saddams personlege fotograf blant anna skildra familien på tur i ørkenen for å leita etter trøflar, - Saddam sjølv med brun filthatt og solbriller og spesialreiskap for trøffelgraving.
Dersom den falne diktatoren framleis lever, kan han altså trøysta seg med at folk ikkje har gløymt han, men han har nok ingen illusjonar om at dei ønskjer han tilbake.
|