skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Fredag 13. - ein dag som alle andre?

I morgon er det fredag 13. Det er ein dag og ein dato mange ikkje likar, men statistikken viser at det ikkje skjer fleire ulykker eller uhell på denne dagen enn på andre dagar.
Av Egil Johan Ree

Publisert 16.06.2003 14:25.
Statistikken får visa kva han vil, og den fornuftstyrde delen av oss seier at det er ein dag som alle andre, men inst inne er det ein del av oss som ikkje likar at fredagen fell på den 13. dagen i månaden. Kor mykje verre kunne det f.eks. ikkje ha gått om det hadde vore fredag 13. i går då vi spela landskamp mot Romania! Vi kunne risikert at domaren såg at det var John Carew som laga hands. Dermed hadde vi ikkje fått noko straffespark. Vi kunne risikert at dei norske spelarane vart utslitne og handlingslamma alt i første omgang av kampen. Dermed kunne rumenarane ha fått endå fleire mål.

Nå får vi vera glade til at det gjekk så pass som det gjekk og at vi hanglar vidare mot EM. Vi får bu oss på morgondagen og ta det som kjem. Det er visst forresten ikkje så lenge vi har hatt eit anstrengt forhold til fredag 13. Ein tysk folkeminnegranskar hevdar at det ikkje var før i førre hundreåret at folk tok til å bli nervøse for kva som kunne skje denne dagen. Men kvar for seg har både fredagen og talet 13 vore knytta til utrivelege ting.

Det skal ha vore på ein fredag Adam og Eva åt av det forbodne eplet, og det var på langfredag at romarane korsfesta Jesus.

Talet 13 som ulykkestal er kjent alt i oldtida. Det skal ha røter både i hedendom og tidleg kristendom. Talet vart nytta i magiske formlar og skal ha hatt særleg tilknyting til trolldomsgudinna Hekate. Ho kom som nr. 13 etter dei 12 hovudgudane som heldt til på Olympen i det gamle Hellas. Då Jesus heldt det siste måltidet for disiplane sine, var Judas 13. mann til bords. I mellomalderen var talet 13 populært blant trollmenn og hekser. I astrologien var 360 av dagane i året knytta til dei tolv teikna i dyrekrinsen, dei fem siste mot slutten av året var representerte ved eit trettande teikn: ein gris eller ein ravn. Det var dagane då underjordiske makter kunne gjera det dei ville.

I våre dagar er det mange hotell som ikkje brukar romnummer som sluttar på 13, og flyselskap hoppar over seterad nr. 13. Overtruiske gjester og passasjerar skal ikkje få nokon grunn til å bli nervøse.

Så var det altså einkvan som fann på at kombinasjonen av fredag og den 13. var ekstra spanande. Den dagen kjem altså i morgon, og kombinasjonen kjem ikkje att meir dette året. Ein får jo tru kva ein vil om kor farleg morgondagen blir, men dei som måtte vera nervøse, får la vera å ta unødige sjansar.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no