Kåseriet: Forvirrande ferieplanarFerien står for døra og dei fleste har truleg alt bestemt kva dei skal gjera i frivekene. Somme reiser til utlandet, andre ferierer her heime, men det er ikkje lett å finna ut kven som gjer kva.
Av Egil Johan Ree Publisert 10.06.2003 14:37. Nå er det rett før feriepengane kjem på kontoen og spørsmålet melder seg kva ein skal bruka dei til. Media er også interesserte i dette. Kva skal nordmenn gjera i år? spør dei. Skal dei reisa til utlandet eller skal dei feriera her heime? Dette er viktige spørsmål som krev seriøse svar frå dei som steller med reiser og feriar og slikt, så dei svarar så godt dei kan, får vi tru, når avisene ringjer.
Etterpå sit vi lesarane der med avisene og skal la oss opplysa. Men så viser det seg i år at vi ikkje blir særleg klokare, snarare nokså forvirra. Før pinsehelga kunne vi til dømes lesa i Aftenposten at nordmennene sviktar ferie-Noreg. Det er berre ein av fire av oss som kjem til å feriera i vårt eige land. Reiselivsnæringa er bekymra. Med alle dei eksotiske reisemål vi har her til lands, burde langt fleire nordmenn farta rundt her heime, meiner næringa. Men som det modige folk vi er, gir vi blaffen i terroristfare, krig og Sars og drar til utlandet. Dette fortel Aftenposten.
Men så les vi Nationen i dag, og der står ei anna historie. Der kan vi lesa at Sars og terrorfrykt skræmer halve Noreg til å ta heimeferie i år. Den usikre verdssituasjonen kan bli ei velsigning for turistnæringa og norske bygder, fortel Nationen som rimelegvis synest det er kjekt å kunna gi bygde-Noreg ei slik gladmelding. Nationen har og snakka med reiselivsnæringa som var så bekymra i Aftenposten i førre veka. I Nationen meiner reislivsnæringa i dag at tala denne avisa har henta fram, gir grunn til optimisme.
Som vi skjønar er det ikkje lett å finna ut kva slag ferieplanar det norske folket har i år. I Aftenposten reiser folk til utlandet, i Nationen held folk seg i heimlandet. Forklaringa kan jo vera at dei to avisene har snakka med ulike grupper av folket. Nationen kan nemleg fortelja at grupper med låg løn og lite utdaning, eldre menneske, folk på bygdene og EU-motstandarar er dei som vurderer heimeferie på grunn av den urolege verdssituasjonen. Folk med høgare utdaning og meir reiseerfaring er mindre skræmde av situasjonen, så dei tar sjansen på utanlandsferie.
Vi ventar ikkje å få noka nærare avklaring på ferieutfarten i år, og det same kan det i grunnen vera. Folk får reisa kvar dei vil for oss. Men før dei reiser bør dei kanskje lesa Dagbladet i dag. Der er dei ikkje så opptatt av kva land folk skal reisa i, men av sex-livet i ferien. Det kan vera farleg om ein ikkje passar seg.
|