skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Kan Bush få si eiga Watergate-sak?

Hadde Saddam Hussein masseøydeleggingsvåpen eller hadde han det ikkje? Spørsmålet blir ivrig diskutert i desse dagar, og for president Bush og statsminister Blair kan det bli vanskeleg dersom det viser seg at det ikkje fanst slike våpen.
Av Egil Johan Ree

Publisert 09.06.2003 13:57.
Siste mann ut i diskusjonen om masseøydeleggingsvåpna er tidlegare presidentrådgivar John Dean. Han hevdar at påstanden om at Saddam Hussein hadde slike våpen kan bli ein større skandale for president Bush enn Watergate vart for president Nixon i si tid. Her er John Dean på heimebane, for han var juridisk rådgivar for president Nixon. Som den einaste av Nixons nære medarbeidarar la han korta på bordet under senatshøyringa om Watergate i 1972. Dermed vart det klart at Nixon hadde loge om Watergate, og Deans vitnemål bidrog difor sterkt til at presidenten måtte gå av.

Bush har eit svært alvorleg problem, dette kan få Watergate til å bleikna, skriv Dean i ein artikkel som er publisert nå i helga. Før presidenten ba kongressen om å godkjenna bruk av amerikanske styrkar i Irak, kom han med fleire utvetydige utsegner. Nå viser det seg at mange av desse kan vera feilaktige. Ein kan bli freista til å tru at presidenten rett og slett laug, skriv John Dean. Dersom han gjorde det, risikerer han både riksrett og å bli sikta for brot på amerikansk straffelov.

At Saddam Hussein hadde masseøydeleggingsvåpen og difor var ein fare for verdsfreden og måtte avvæpnast, var hovudgrunngivinga for å gå til krig mot Irak. Nå er krigen over, men ingen har ennå funne dei farlege våpna trass i iherdig leiting. FNs våpeninspektørar tvilar på om dei finst, mange andre gjer det same. Men president Bush og statsminister Blair står på sitt. Dei hadde etterretningsrapportar som synte at det var masseøydeleggingsvåpen i Irak, hevdar dei. Seinast i går vart det repetert av den tryggingspolitiske rådgivaren til president Bush, Condoleezza Rice. Utanriksminister Colin Powell sa det same. Begge hevdar at våpna nok kjem til å dukka opp når inspektørane har fått tid nok på seg til å leita gjennom heile Irak.

Det står altså att å sjå om nokon finn noko. Gjer dei ikkje det, kan det bli problematisk både for president Bush og for statsminister Tony Blair, for også i England er det mange som stiller spørsmål om dei bastante påstandane før krigen om masseøydelggingsvåpna i Irak. I verste fall kan John Dean få rett: det kan bli Watergate-liknande saker både i USA og i England.






 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no