skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Patriotisme mot kapitalmakt

Gamle institusjonar som Tou-bryggeriet i Stavanger blir lagde ned. Nattoget kan koma til å forsvinna. Folk protesterer, men i dag nyttar det lite å kjempa mot sterke økonomiske krefter.
Av Egil Johan Ree

Publisert 06.06.2003 14:25.
Det har vore stor ballade i Stavanger denne veka. Alvorlege menn i dress frå hovudstaden kom eins ærend til byen for å forkynna dødsdom over det nesten 150 år gamle bryggeriet Tou. Det utløyste ei bølgje av patriotisme som ein elles berre opplever i samband med avgjerande Viking-kampar. Media piska opp stemninga, og folk som elles har eit nokså perifert forhold til øl, allierte seg med pilsens vener og snakka i store bokstavar om identitet og tradisjon. Ordet Ringnes vart eit skjellsord. Her er snakk om hemn i form av boikott av alle dråpar som måtte koma med merkelappen Ringnes på.

Samtidig kjem meldinga om at nattoget kanskje skal parkerast for godt. Slutt på tida då ein kunne krypa under teppet i sovevogna i Stavanger og vakna til kaffi og smørbrød i Drammen etter ei uroleg natt på Sørlandsbanen. Igjen kjem det høgmælte reaksjonar - både frå folk som brukar nattoget av og til og folk som sjeldan eller aldri gjer det, men som nostalgisk meiner at vi må ha det fordi det er ein institusjon som nesten alltid har vore der.

Mindre oppsikt vekte det då Stavanger Aftenblad i går kunne melda at det om ein snau månad er slutt på den aller siste hermetikkverksemda i Stavanger. Norway Foods, som nyleg skifta namn til King Oscar, har klistra etikettar på brislingboksar. Nå skal det gjerast ein annen stad. Produksjon av hermetikk er det slutt på for lenge sidan i Stavanger. Nå er det berre Hermetikkmuseet att, og berre eldre folk hugsar tida då det i visse bydelar var hermetikkfabrikk i nesten annakvart hus.

Men slik endrar byen og tida seg. Mot dressmenn frå hovudstaden, profittsugne aksjonærar og globale økonomiske krefter nyttar det lite med lokalpatriotisme og nostalgisk mimring om gamle dagar. Christian Bjelland står på sokkel og ser ut over det som ein gong var sjølve hermetikkbyen. Yngre generasjonar veit snaut kven han var. Sigvald Bergesen står og på sokkel og ser mot det nedlagde Rosenberg verft der dei ein gong bygde skip og plattformer. Snart er Tou-ølet historie. Det er tragisk for alle som mistar jobben, men pilsens vener greier seg nok. Aftenbladet har vore på by'n og kontrollert om folk følgjer oppmodinga om å boikotta Ringnes. Det gjer folket ikkje. Dei ber om ein halvliter og drikk det dei får - anten det er Ringnes eller noko anna.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no