skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Fotball og manikyr på Hankø

Om vel ei veke skal Noreg spela landskamp i fotball mot Danmark. Dette har vi nå høyrt og lese om i fleire veker, så nå orkar vi snart ikkje meir.
Av Egil Johan Ree

Publisert 02.06.2003 13:31.
Vi kan jo la vera å lesa, og treng sjølvsagt heller ikkje høyra radio eller sjå på fjernsyn, men aviser, radio og fjernsyn er nå liksom blitt ein fast del av kvardagen, så ein kan ikkje unngå å sjå kva sportsjournalistane meiner vi bør vera opptatt av i desse dagar. For i desse dagar meiner sportsjournalistane at vi bør vi vera opptatt av at vi skal spela landskamp i fotball mot Danmark. Dette har sportsjournalistane og redaktørane deira meint i eit par veker minst, og endå er det vel ei veke til kampen.

Det er alvorlege saker det dreier seg om, forstår vi. Den minste ytring frå trenar og spelarar blir ananlysert, den minste muskelstrekk utløyser paniske reaksjonar. Henning Berg er skadd bak i høgre lår og må trena med mjuk og stor ball. Kan han koma i form til kampen? spør journalistane med skjelvande røyster. Dei får ikkje anna svar enn at det veit ingen før i midten av neste veke. Fysioterapeutar og akupunktørar arbeider med låret, Henning Berg ser med lengsel mot lagkameratar som får trena med vanleg ball. Vi må leva i uvissa.

Det er på Hankø det går for seg akkurat nå. Der får fotballmillionærane frå England med koner og barn og sambuarar boltra seg i luksuriøse omgivnader betalt av Fotballforbundet. Imponerte journalistar svevar rundt dei for å snappa opp gullkorn og elles registrera kvar minste ting som måtte skje. Spelarane trenar visst litt kvar ettermiddag, men elles kan dei spela krokket og minigolf, bada i bassenget eller bli med damene og ta urtekur og massasje, manikyr eller kinesiske energiøvingar. Fotballforbundet har sytt for barnevakt, så mødrene skal sleppa maset med å passa ungane.

Over to sider i Dagbladet i dag kan vi lesa om den dramatiske blindtesten der Steffen Iversen og Eirik Bakke drikk dansk og norsk øl og dram med bind for augo. Det er mykje som skal til for å forebu seg på ein landskamp. Snart skal dei ha gruppesamtalar. Her opnar dei seg for kvarandre i samtalar som etter det Frode Olsen seier, går langt inn i sjela. Bevisstgjering og lagbygging, heiter det. Etterpå kan dei gå til det spesielle romet på hotellet der det ikkje er lov å snakka.

Landslagssjef Semb avviser kritikken frå Åge Hareide om at det er for låg intensitet i landslagstreninga. Vi får vona at han har rett i det, men etter dei dosane med førehandsomtale vi har hatt til nå og dei dosane vi framleis skal få fram til 7. juni, er det fare for at sjølve kampen blir eit antiklimaks.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no