skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet

St. Petersburg 300 år

I morgon reiser statsminister Kjell Magne Bondevik til St. Petersburg for å vera med på feiringa av byjubileet. Det er 300 år sidan Peter den store bygde den vakre byen ved Finskebukta.
Av Egil Johan Ree

Publisert 29.05.2003 11:52.
300 år er ingen alder for ei europeisk storby. Dei fleste store byane elles i Europa kan føra historia si mykje lenger tilbake i tida. Men St. Petersburg er spesiell blant byar, produktet av ein idé hos den eksentriske og dynamiske tsaren Peter 1. som ville opna det tilbakeståande landet sitt for varer og idear frå Vesten og som difor trong ei hamn ved Austersjøen.

Det var ikkje anna enn sumpar og sure myrar i området ved utløpet av elva Neva der Peter bestemte seg for å leggja byen. Mange av bygningane måtte reisast på pålar. Kliamet var rått og usunt.

Peter henta tvangsarbeidarar frå ulike stader i Russland; 40 000 stakkars slavar som sleit og svalt og fraus og døydde i massevis. Men nye folk vart piska inn. Arbeidet var dårleg organisert, reiskapar mangla, matforsyninga var elendig.

Ved teiknebretta sat arkitektar og byplanleggjarar henta frå Italia, Frankrike og Skotland. Dei laga ein velregulert og vakker by med kanalar og bruer og breie gater. Somme meiner det er den vakraste byen i verda.

Då St. Petersburg var ferdig, var det ingen som ville bu der. Peter den store måtte tvinga folk til å flytta dit. Dei vart nekta å reisa tilbake der dei kom frå. I 1712 flytta tsar-hoffet frå Moskva til St. Petersburg og gjorde byen til hovudstad i Russland. Det var han fram til 1918 då Lenin og revolusjonskameratane hans fann ut at dei heller ville styra landet frå Moskva. St. Petersburg hadde ei tid heitt Petrograd fordi dei patriotiske russarane under første verdskrigen ville unngå det tyskklingane -burg, men då Lenin døydde i 1924 var bolsjevikane kvikke til å kalla byen ved Neva opp etter revolusjonsleiaren, og Leningrad vart han heitande til kommunisttida var slutt.

Her er mykje å sjå for Bondevik og dei andre høge damer og herrar som president Putin har invitert til jubileet. Praktfulle slott og kyrkjer, kunstsamlingar og historiske minnesmerke. Her ligg kryssaren Aurora som fyrde av skotet som sette i gang oktoberrevolusjonen i 1917. Her er minnelunden for dei 900 000 som sette livet til under den 900 dagar lange blokaden i den andre verdskrigen.

Nå i mai og juni er det ekstra vakkert i St. Petersburg. Nå kan jubileumsgjestene oppleva innleiinga til det russarane kallar dei "kvite nettene" - midtsommartida som store og små poetar har skildra opp gjennom tidene. Då kan det vera lyst opp til 22 timar i døgnet. Men om vinteren kan det vera mørkt i 19 timar.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no