skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Bur i barskapet

I Førde har ein heil familie flytta inn i barskapet i ein privat heim. I mangel av bustad busette kjøtmeisfamilien seg like godt ved sidan av Jägermeisteren.

Publisert 27.05.2003 15:31. Oppdatert 27.05.2003 15:34.
Av Kjetil Malkenes Hovland

"Der det er hjarterom, er det husrom," står det på eit skilt ved inngangsdøra til Gunnlaug Silden og Helge Varpe i Førde.

Det var i mars i år at Silden merka teikn på at det var nye leigebuarar i huset.

Kjøtmeisa trivst i barskapet til Gunnlaug Silden (Ill.: Piip Show på NRK Upunkt)

Oppdaga reir i barskapet

- Det var masse mose på benken kvar morgon. Eg rydda det bort, og tenkte det var nabokatten, seier Gunnlaug silden.
- Men kvar dag kom det meir mose der, så eg tenkte at eg fekk sjå inni barskapet. Og då låg det eit ti centimeters lag med mose der.

Barskapet heng på veggen ute på terrassen, og om sommaren husar det ei flaske Jägermeister.

For å kunne opne luka har skapet eit hol på framsida, som akkurat er stort nok til kjøtmeisa. Og når familien først var inne, hadde ikkje husverten hjarte til å jage dei ut.


Oppdaga sju fugleungar

- Eg tenkte ikkje meir på det, slik at fuglen skulle få fred, seier Silden.
- Så begynte eg å høyre lyd der inne, så eg opna, og då var det masse fugleungar der inne. Eg let dei berre bu der inne, så får berre Jägermeisteren stå.

Ho trur ikkje det er sansen for det sterke som har ført kjøtmeisa inn i barskapet. Det kan nemleg lett forvekslast med ei fuglekasse.

- Ja, det kan det. Men holet er laga for at ein mannsfinger skal kunne opne det, seier ho.

Har ikkje vurdert husleige

Eit blikk inn i kassa viser sju små, pipande fugleungar og nokre drammeglas på veggen. Far og mor flyg fram og tilbake, tilsynelatande utan å bry seg om huseigaren.

- Det var eit program i radioen i førre veke om sporv, og at dei hadde problem med å finne seg reirplass i byar. Og då tenkte eg at det går faktisk an, seier Silden.

Ho har ikkje vurdert å avkrevje småfuglane husleige.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no