skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Bondevik evakuert på strømpelesten

Jordskjelvet i Nord-Japan kunne merkast godt i Tokyo. Statsminister Kjell Magne Bondevik vart evakuert frå hotellrommet sitt i Tokyo på strømpelesten.

Publisert 26.05.2003 15:21.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Av Rune Ytreberg og Kjetil Malkenes Hovland

- Eg opplevde det som ganske kraftig og ubehageleg, for eg var oppe på rommet mitt i trettande etasje, og så begynte det å svaie, seier Kjell Magne Bondevik.
- Og vi høyrte nokre lydar. Akkurat med det same så var eg ikkje riktig klar over kva det var, men så kom ambassadøren inn døra og sa det var jordskjelv, og vi styrta ut. Det var ikkje ei særleg hyggeleg oppleving.

Målte 7 på Richters skala

Kjell Magne Bondevik og kona Bjørg i Japan.
Statsministeren var i trettande etasje på hotellet sitt i Japan då jordskjelvet inntraff, og fortel at han kom seg raskt ned - på sokkelesten.

- Eg trur ikkje dei merka det så mykje på bakkeplan, men der oppe i høgda var det merkbart, seier Bondevik.

Det kraftige skjelvet målte 7 på Richters skala og var sentrert utanfor nordaustkysten av Japan. I Tokyo svaia hus og bygningar. Varer datt ut av hyllene i butikkane, og den norske delegasjonen på 150 menneske merka det godt.

Ludvigsen merka det ikkje

Skjelvet var like kraftig som det som rysta Kobe for åtte år sidan.

- Eg var nede i kjellaren, så eg merka det ikkje. Men eg skjøner jo at dei som var lenger oppe merka det til dei grader, seier fiskeriminister Svein Ludvigsen.
- Men elles er det jo slik at ein fiskeriminister nærmest beveger seg i jordskjelvområde uansett, så eg har trening i dette.



 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no