Av
Kjetil Malkenes Hovland
I dag tidleg drog overlege Arne Broch Brantsæter til Beijing for å delta i eit team frå WHO. Brantsæter skal delta i eit WHO-team som hjelp kinesiske myndigheiter med å få oversikt over spreiinga av SARS-sjukdommen.
- Brantsæter er spesialist i indremedisin og infeksjonssjukdommar, seier avdelingsdirektør Preben Aavitsmark ved Norsk Folkehelseinstitutt.
Instituttet har stilt i alt fem epidemologar til rådvelde for WHO. Brantsæter er den første av desse som dreg til Kina. Han har studert i Kina og kjenner både språket og kulturen godt
- Skal foreslå nye tiltak
 |
Preben Aavitsland. |
- Brantsæter skal hjelpe med å vurdere dei tiltaka kinesiske myndigheiter har sett i verk, og foreslå nye tiltak, seier Aavitsland.
- Kvifor sender de folk rett inn i løvens hule?
- Vi meiner det er viktig å løyse problema der dei er, og ikkje sitje og vente til dei kjem til Noreg. Og no er problema størst i Kina.
I første omgang skal Brantsæter vere i Kina i ein månad.
Samtidig som fleire medarbeidarar står til rådvelde for WHO, er folkehelseinstituttet si arbeidsmengd mangedobla. Pågangen frå folk som spør om SARS er stor.
Instituttet har no sendt ut brev for å rekruttere folk, for no treng dei sjølv akutthjelp på kontoret.
Treng legar og sjukepleiarar
- Vi har bruk for legar og sjukepleiarar som har erfaring med smittevern, seier Aavitsland.
- Vi har stor pågang frå media som vil halde seg oppdatert på SARS-situasjonen, frå bedrifter som skal ta imot kinesiske delegasjonar og frå vanlege folk som har spørsmål i samband med besøk frå land som er ramma av SARS.
Til no er 7000 smitta og 500 døde av SARS, ifølgje Verdas helseorganisasjon.