Kåseriet: President Bush på PR-toktPresident George W. Bush drog med jetfly til hangarskipet Abraham Lincoln i Stillehavet for å kunngjera at krigen i Irak var over. Nå skuldar dei politiske motstandarane presidenten for å misbruka marinen til å driva valkamp framfor presidentvalet neste år.
Av Egil Johan Ree Publisert 08.05.2003 14:20. Vi såg det på fjernsyn: ein sjølvsikker og smilande president landar på hangarskipet, stig ut av jetflyet i full flygaruniform med hjelm under armen. På dekk står gastar og offiserar oppmarsjerte. Presidenten handhelsar ivrig, talar til dei, takkar dei for innsatsen og kunngjer at krigen i Irak er over. I bakgrunnen eit stort banner med innskrifta "Mission Accomplished" - oppgåva er løyst. Fjernsynet er sjølvsagt på plass og sender direkte til det amerikanske folket. Innslaget blir sendt om att og om att den dagen, og nå meiner ekspertane at republikanarane kjem til bruka det for alt det er verdt i valkampen framfor presidentvalet neste år.
Eit skamlaust PR-stunt, seier demokratiske politikarar. Senator Robert Byrd tok ordet i senatet og leverte ein flengjande kritikk av det han meinte var misbruk av marinen og skattebetalarane sine pengar. Det byr meg imot at eit hangarskip blir brukt som reklamebakgrunn for presidentpropaganda, sa Byrd. Ein annan demokratisk politikarar har kravd at kongressen får vita nøyaktig kor mykje denne flyturen kosta. Det har elles demokratane grovrekna på og kome fram til vel 7 millionar kroner.
Presidenten kunne ha tatt helikopter, seier kritikarane. Nei, sa presidenten sine talsmenn først, hangarskipet var for langt ute på havet. Seinare viste det seg at det var like utanfor kysten, så nå heiter det at Bush reiste med jetfly fordi han gjerne ville kjenna korleis flygarane har det når dei landar på eit hangarskip. Dessutan kosta det ikkje noko ekstra, heiter det, for flygarar skal ha treningstokt uansett. Kritikarane hevdar at hangarskipet vart halde ute på havet ein dag lenger enn naudsynt, men også det hevdar administrasjonen er feil. Skipet skulle ikkje til hamn før dagen etter.
Slik rullar diskusjonen om den spektakulære flyturen vidare. Avisa New York Times skriv at turen set ein ny standard for presidentreiser med høg risiko. Reklamefolk peikar på at president Bush fekk høve til å dominera fjernsynssendingane ein heil dag. Nå er det opp til han om han kan få folk til å hugsa desse bileta like fram til valet neste år. Ikkje alle er sikre på at han greier det, for det kan bli vanskelegare å få skikk på freden i Irak enn å vinna krigen.
|