- Dårleg kommuneøkonomi gjer at mange kommunar kjem til å selja kraftselskapa sine. Me treng reglar som gjer at det finst norske kjøparar, seier Inge Ryan (SV).
Av
Aagot Opheim
- Dette er som å tissa i buksa for å halda varmen, seier Inge Ryan (SV).
Han meiner inntektene frå kraftproduksjonen er dei aller sikraste inntektene ein kommune kan ha.
- Pengane frå eit eventuelt sal blir snart brukt opp, seier Ryan, som er uroleg for framtida når så mange kommunar vurderer sal.
Ingen norske kjøparar

Oslo Kommune sel sin eigardel i kraftselskapet Hafslund til finske Fortum.
Sjølv om det ikkje finst aktuelle norske kjøparar, uroar det norske politikarar at norsk kraft kjem på utanlandske hender.
Statkraft blir rekna som det einaste norske selskapet med pengar og kunnskap nok til å bla opp milliardar for eit kraftselskap.
Men regjeringa meiner at Statkraft er for stort slik det er, og har pålagt selskapet å selgja både Trondheim Energiverk og Hedmark Energi. Norske konkurransereglar gjer at Statkraft må ha konkurranse i Noreg.
Konkurransereglane må endrast
- Dette viser ar konkurransereglane må endrast, seier SV-politikar Inge Ryan.
Han meiner me treng ein statleg kjøpar til kommunale kraftselskap, og vil at me skal laga konkurranseloven slik at det blir eit eige regelverk for kraftmarknaden.
- På kraftmarknaden er reguleringar og kontroll viktigare enn konkurranse, seier Ryan.