Kåseriet: Maud AngelicaI går kunngjorde den stolte far Ari Behn at den nyfødde skulle få namnet Maud Angelica. Eit vakkert namn, sa dronning Sonja, men somme stussa kanskje over det litt uvanlege namnevalet.
Av Egil Johan Ree Publisert 30.04.2003 13:41. Vi skal nok snart bli vane med namnet, for vi kjem til å møta det over alt i lange tider framover, ikkje minst i aviser og vekeblad. Men så pass unorsk og utradisjonelt er det, at det nok kjem til å bli samtaleemne ved frukost- og kantinebord. Puristar kjem til å klaga over at Märtha Louise og Ari ikkje valde eit heilnorsk namn, andre, særleg frå dei yngre generasjonar, har eit meir avslappa forhold til slikt og synest det er heilt i orden med utanlandsklingande namn.
Namnet Angelica dukka opp samtidig hos dei begge under bryllaupet i Trondheim, hevda den lett altererte barnefaren i går då han kom ut frå fødestova. Vi får jo tru han på det. Etter pilegrimsvandringa og den høgtidsame seremonien i Nidarosdomen er det ikkje så uventa at det religiøst interesserte paret fann eit namn som kunne assosierast med englar.
Når det gjeld det første namnet, Maud, veit vi alle at det opprinneleg er engelsk, men her er det tale om slekt og tradisjon, så ingen kan klaga på at den nye tronarvingen blir oppkalla etter tippoldemora, dronning Maud. Namnet Maud er ein engelsk variant av det tyske Mathilde. Norske variantar er Magnhild og Mette. Truleg kjem det opphaveleg frå det bibelske namnet Magdalena. Listene i Statistisk Sentralbyrå syner at det er 401 kvinner som ber namnet Maud i Noreg i dag.
Ikkje fullt så mange heiter Angelica her i landet, men frøken Behn får likevel så pass som 260 namnesøstrer. I andre land er det meir vanleg. Tyskarane brukar Angelica, franskmennene har Angelique og ein dansk variant er Engelke. Frå litteraturen kjenner dei lærde Angelica som den hedenske prinsessa i Orlando Furioso, eit romantisk epos frå 1500-talet. Ein del av dagens norske lesarar er kjende med Sol Angelica, ein huvudperson i Sagaen om Isfolket av Margit Sandemo. Sol Angelica var ei rastlaus sjel som hadde ei heks som idol.
Botanikarane kjenner Angelica som eit planteslag med om lag 50 artar. Hos oss finst to av dei: kvann og sløke, gamle nytte- og medisinplanter som i eldre tider vart dyrka i norske kjøkenhagar. Angelikarot var rota av kvann som dei gamle brukte som legemiddel.
Både Maud og Angelica er såleis namn med lange tradisjonar, om dei ikkje er særleg vanlege i norsk namnebruk. Om nokon andre her i landet har namnekombinasjonen Maud Angelica, er uvisst. Listene i Statistisk Sentralbyrå gir i alle fall ikkje noko svar på det.
|