Kåseriet: Påskefyll i StrømstadOgså i år kjem mange nordmenn til å bruka skjærtorsdagen til å dra til Sverige for å drikka seg fulle eller kjøpa billege pølser. KrF-leiar Valgerd Svarstad Haugland synest det er flaut. Publisert 15.04.2003 15:45. Av Egil Johan Ree
Vi registrerer at austlendingane også i år held tradisjonen ved like. I påskeveka, spesielt skjærtorsdag, set dei seg i bilane sine og køyrer mot Strømstad. På fjernsynet ser vi dei sneglar seg langs vegen i kø mot grensa. Det er eit underleg syn for oss her vest som må handla raudvin og lammelår til full, norsk pris i butikken og som elles synest det finst betre måtar å bruka fridagane på enn å sitja i bilkø.
KrF-formannen, Valgerd Svarstad Haugland, synest det er flaut at nordmenn skjemmer seg ut på denne måten. På ein heilag skjærtorsdag burde gode nordmenn gå i kyrkja og elles halda seg i ro, ikkje dra til Sverige for å drikka seg fulle og handla billege varer. Det er uforståeleg at folk står i kø på grensa ved Svinesund ein skjærtorsdag, seier KrF-formannen til Dagbladet.
Men folk bryr seg nok lite om kva formannen i det kristelege partiet meiner. For når skjærtorsdag er kvardag og handledag i Sverige og prisane på kjøt og sprit og vin er lågare enn her, så synest folk at det er logisk å dra til Sverige for å handla.
Svenskane som og er eit kristent folk, har som dei fleste andre kristne land valt å ikkje gjera torsdagen i påskeveka til heilagdag. Dersom politikarane synest det er så ille at nordmenn drar på handletur til utlandet, kunne dei kanskje ta opp att den gamle ideen om å gjera skjærtorsdagen til kvardag også her i landet og la folk jobba i staden.
Ei så drastisk endring av kalenderen vågar nok likevel ingen å koma med framlegg om. Då fekk dei både kyrkja og LO på nakken.
Men nå er det altså ikkje berre folk med handlelyst som drar til Strømstad. Som vi har sett tidlegare år, drar også ungdom med heilt andre lyster til den vesle byen. Der drikk dei seg fulle og lagar kvalm og bråk. Politiet i Strømstad seier på fleip at dei burde hatt amerikanske marinejegerar for å hjelpa til med å halda ro og orden. At fru Svarstad Haugland er flau over landsmenn som oppfører seg slik, har vi monaleg meir forståing for.
Men, som KrF-formannen sjølv seier, folk gjer som dei vil. Skal Svarstad Haugland plent ha slutt på grensehandelen, bør ho nok heller låna øyra til dama som vart intervjua av fjernsynet i ein Strømstad-butikk i går: Set ned prisen på matvarene her i landet, så slepp vi å dra til Sverige.
|