skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Kvilepuls ved havet

Forskarar har nå slått fast at det er meir avslappande å vera på landet enn å vera i byen. Særleg gunstig er det å vera ved havet.
Av Egil Johan Ree

Publisert 17.04.2003 15:10.
Omsider har vi fått vitskapleg prov på det vi har visst lenge: Det er meir avslappande å vera på hytta enn å vera i byen. Ein doktorgradsstipendiat i Bergen har målt pulsen på ei gruppe forsøkspersonar som var plasserte framfor ein videoskjerm. Då personane såg på naturbilete var kvilepulsen fire slag lågare i minuttet enn då dei såg på bilete frå byen. Den same tendensen til lågare kvilepuls kom fram då personane verkeleg var ute i naturen. Då forskarane samanlikna påverknaden frå fjellnatur med påverknaden frå strandsona, var det sjøen som klart viste seg å vera mest avslappande.

Ut frå dette kan vi då dra den slutning at dei som nå i påskehelga held seg oppe i fjellheimen har grunn til å vera misunte på oss som har hytte ved hav eller fjord. Nå har vi aldri heilt forstått desse som surrar ski og stavar på biltaket og frivillig reiser til fjells for å oppsøkja snøen som lykkelegvis har forsvunne frå flatlandet. Der oppe må dei måka seg veg fram til hyttedøra og utsetja seg for bein- og armbrot og kreftframkallande solstrålar, for ikkje å snakka om snøskred og farlege vatn med tynn is. Men somme likar å leva farleg - og dei om det. Skikkeleg kvilepuls blir det likevel ikkje av slikt, det har vi altså fått vitskapleg prov for nå.

Kvilepuls er det vi ved sjøen som har der vi slappar av i solveggen med krim-bok og pappvin, utsikt til holmar og skjer og hekkande måkar. For helsa si skuld ruslar vi ein tur i ny og ne på vanlege sko, utan tanke på raud eller blå swix. Så kan vi kontrollera kor langt våren er komen og slepp å tenkja på å snu i tide fordi det brått bles om til snøstorm. Den einaste vinden vi treng å tenkja på er den som kjem frå aust, for den fører med seg dufta frå naboens gjødselspreiar. Men i påskehelga er det mange heilagdagar, og då lar bonden traktoren stå.

Forskaren med kvilepulsen synest visst det er vanskeleg å finna årsak til at vi slappar betre av på landet enn i byen. Men ho trur på evolusjonsteoriane som seier at vi opprinneleg kom frå naturen og difor er meir tilpassa den enn byen, som vi har laga sjølv.

Vi har ingen grunn til å tvila på evolusjonsteorien og kan for vår eigen del slå fast at kvilepulsen har det framifrå her ved sjøkanten. Ikkje har vi stor luksushytte heller, så vi går ut frå at vi slepp å hissa oss opp over trugsmålet frå energiminister Steensnes om å straffa hytteeigarane med dyrare straum.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no