- Det er forkasteleg å innføre ein lov som rammar arbeidsledige og trygda, seier forskar Erik Nord. Han meiner SV og Ap sviktar "brune" kafegjengarar.
Av
Synnøve Nes og
Kjetil Malkenes Hovland
Erik Nord forskar på den gruppa som truleg røykjer aller mest, nemleg dei som har brune kafear som si livsform. Dei er ofte einslege, arbeidslause, uføretrygda eller pensjonistar. Åtti prosent av dei er innbarka røykjarar.
Forskar på "brune" røykjarar
- Blir røykjeloven vedtatt av Stortinget, er det ikkje berre moralsk forkasteleg, men det skjer også på sviktande grunnlag vitskapleg sett, seier Erik Nord, seniorforskar på Nasjonalt Folkehelseinstitutt.
Han presiserer at han uttaler seg som privatperson, og ikkje på vegne av folkehelseinstituttet. Nord støttar arbeidet mot røykjing og ynskjer å verne arbeidstakarar i restaurantar og kafear mot røykjing, men meiner at det også finst gode alternativ til den nye røykjeloven.
Nord har besøkt Lompa, Dovrehallen, Sagene Lunsjbar, Københavnerkafeen og andre brune serveringsstader i Oslo, og forskar på korleis gjestane der vert ramma av den nye røykjeloven. Om nokre veker skal Stortinget vedta loven, som vert innført fra nyttår.
- Rammar dei lågtløna hardast
- Dette vedtaket blir gjort av folk som sit sentralt i gode stillingar og med høge utdanningar, som er helseorienterte og ynskjer å ha det røykfritt rundt seg, seier Erik Nord.
- Desse menneska bestemmer korleis det skal vere i eit heilt anna sosialt rom der folk har heilt andre liv og heilt andre verdiar. Dette er illegitimt og forkasteleg.

Nord meiner det er meir vanleg å røykje blant folk med lågare inntekter og utdanning, og at desse difor vil bli ramma hardare enn folk i den eliten som gjer slike vedtak.
- At SV og for den saks skuld også Arbeiderpartiet, som tradisjonelt vender seg til denne gruppa menneske, kan gi seg inn på eit slikt vedtak, gjer dei til nyttige idiotar for regjeringa og helseministeren, seier Nord.
Vil verne servitørane
- Eg har respekt for Nord sitt standpunkt, seier Sigbjørn Molvik (SV), som sit i helse- og sosialkomiteen på Stortinget.
- Men vår hovudgrunn til å gå inn for dette er at servitørane i restaurantbransjen må vernast mot røyk på arbeidsplassen akkurat slik som andre arbeidsgrupper, også dei høgt utdanna som Erik Nord. Det er ikkje tilfeldig at nettopp dette lågtlønsyrket, som er dominert av deltidsarbeidande kvinner, innvandrarar og unge, er utan vern mot røyk.
Røykjen slår hardt mot ein sporadisk røykjar idet ein kjem inn døra på Olympen. Kafeen på Grønland i Oslo er den mest kjente brune kafeen i hovudstaden, og går populært under namnet Lompa.
- Røykjer der eg vil
- Eg røykjer på T-banen og overalt der eg ynskjer det, og det kjem eg til å halde fram med, seier ein mann ved eitt av borda.
Røyken ligger tjukk - og god, tykkjer dei som nærmast bur i lokalet.
- Eg brukar å komme rundt eitt-tida om dagen, og sit her som regel til det stenger, seier ein annan gjest.
Lompa er eit stort lokale, nærmast ein diger ølhall med dansegolv innerst og brune sitjegrupper og båsar nærmest døra, med baren i midten.
Røykjer 30 sigarettar dagleg

Anne Sofie Svedahl er her ofte. No får ho John Thunes si hjelp til å fylle ut forskaren sitt skjema. Han har svart på det før.
- "Røykjer du dagleg?" Ja. Det blir vel ein 30 sigarettar for dagen. Det blir litt mykje, seier Svedahl og hostar.
- Men kva skal eg setje strek under på "Kva vil du gjere når den nye røykjeloven kjem?" Skal eg krysse "slutte å røykje"?
- Nei, seier Thunes.
- Det som eg kryssa der, er at eg kjem til å gå mindre ut. Det kjem til å bli mykje mindre sosialt. Det kjem til å bli mykje meir bråk, fordi det blir meir heimefestar. Eg trur eg vil få det mykje verre enn eg har det i dag, seier han.