Kåseriet: Russisk Volga som drosje i Bagdad?Russland er sterk motstandar av krigen i Irak, men nå ser det ut til at russisk industri får svi økonomisk. Ein stor ordre på bilar frå ein russisk fabrikk står i fare for å bli avlyst.
Av Egil Johan Ree Publisert 27.03.2003 14:41. Få land står i kø for å kjøpa bilar frå Russland, for kvaliteten på det som har kome ut frå dei russiske - tidlegare sovjetiske - bilfabrikkane har ikkje vore stort å skriva heim om. Men eit og anna land har likevel sett seg tent med å handla bil med russarane. Eit av dei er Irak.
Før krigen tok til hade styresmaktene i Bagdad bestemt seg for å skifta ut den skrantande drosjeparken i byen. Etter det Dagens Næringsliv melder i dag, hadde irakarane tinga heile 5000 bilar av merket Volga med tanke på at dei skulle trilla med drosjeskilt gjennom gatene i Bagdad. Nå som regimet i Irak truleg står for fall og amerikanarane bur seg på å overta, er det fare for at heile ordren går i vasken.
Det er nok ein strek i rekninga for bilfabrikken Gorkij i industribyen Nisjnij Novgorod som risikerer å tapa mange pengar. Fabrikken vart grunnlagd av Stalin i 1929, og starta serieproduksjon av Volga i 1950-åra. Bilen var i mange år eit fast innslag i trafikken i Sovjetunionen, både som drosje, privatbil for folk med pengar og tenestebil for byråkratar i eit visst sjikt. Toppeliten let seg frakta i luksusbilen Zil, dei som var eit hakk lågare på stigen køyrde Tsjaika, og så kom Volga. Bilen gjekk også på norske vegar ein periode i etterkrigstida, for Volga kunne ein kjøpa utan løyve i tida då bilar framleis var rasjoneringsvare her i landet.
Nå hadde fabrikken i Nisjnij Novgorod strengt tatt slutta å produsera Volga, - i dag går det mest i bussar og lastebilar, men så kom ordren på 5000 Volga-bilar til Irak som vart avtala for eit par år sidan. Det var ein ordre til ein verdi av 180 millionar kroner, så fabrikken såg seg godt tent med å setja samlebandet i gang att. Dei første 250 bilane skulle etter planen ha vore sende førre veka, så skulle det produserast 1500 til i neste månad.
Men så kom altså krigen som russarane var så sterkt imot, og nå spørst det korleis det går med leveransen til Irak. Når Saddam Hussein etter kvart har gått over i historia og landet skal byggjast opp att etter alle bombene og rakettane, er det ikkje sikkert at drosjeparken i Bagdad kjem så høgt på lista over slikt som skal fornyast. Skulle det likevel bli aktuelt å kjøpa nye drosjar, kan det godt henda at dei nye styresmaktene ser seg tente med å handla med amerikanske bilfabrikkar.
|