Krigen i Irak interesserer naturleg nok mange. Det nye med denne krigen er at så mange skaffar seg informasjon på Internett.
Av
Egil Johan Ree
Den andre verdskrigen var radioen si store tid. Gjennom folkemottakarane fekk folk informasjon og propaganda. Så viktig var radioen at dei tyske okkupantane her i landet tok radioapparata frå folk.
Vietnamkrigen vart fjernsynets krig. Amerikansk TV kunne senda ferske bilete frå dramatiske krigshandlingar. Det var med på å forma den opinionen som til slutt vende seg mot krigen.
Nå hevdar ekspertar at Irak-krigen blir Internetts krig. Den største nettenesta i Storbritannia, Freeserve, opplyser at dei nå har fleire treff på ordet krig enn på ordet sex og fleire slår opp på Saddam Hussein enn på Britney Spears. Så då står det kanskje ikkje så ille til i tabloidavisenes heimland likevel!
Amerikanske Yahoo melder at i midten av månaden, altså før krigen tok til, låg Irak på 42. plass på lista over dei mest brukte søkeorda. Fire dagar etter at krigen tok til, hadde Irak avansert til førsteplass. Fjernsynsselskapet MSNBC fortel at dei like før krigen braut ut, hadde 2,5 millionar brukarar dagleg. Då krigen kom i gang var talet stige til ti millionar.
Det som nå skjer, seier ein redaktør, er at folk les aviser om morgonen, surfar på Internett om dagen og ser på fjernsynet om kvelden. For fjernsynet er og viktig i denne krigen der vi for første gong får direkte sendingar frå fremste frontline. Moderne fjernsynsutstyr gjer det lett å senda direkte døgnet rundt.
Så kan vi risikera at bileta vi får frå ein liten stad i den store krigen får oss til å tru at det er slik krigen er. Men det er det sjølvsagt ikkje, for vi ser ikkje all den krig og gru som går for seg alle dei andre stadene. Vi får ikkje noko oversyn og ingen samanheng i det som går for seg, heller ingen bakgrunn som kan forklara krigen.
Mange er bekymra over dette. Big Brother-Irak, er det blitt kalla - eller krigsporno. Alt blir som ei stor underhaldningssending. Det kan så vera at somme kanskje ser det slik. Men på den andre sida har det aldri tidlegare vore meir diskusjon og større medvit om all den desinformasjon partane sender ut. Vi er blitt meir skeptiske til det vi ser og høyrer.
Og når vi tenkjer på alt det vi dagleg får gjennom aviser, radio, fjernsyn og nå også Internett, så er vi vel når alt kjem til alt ikkje så verst informerte likevel om det som skjer. Og dei fleste av oss er så pass ved sans og samling at vi skjønar at det ikkje er underhaldning det vi ser frå slagmarkene i Irak.