Kvar einaste veke blir det mindre vatn i kraftmagasina i fjellheimen. Det betyr at me framleis må spara på straumen for å unngå rasjonering. I magasina er det berre halvparten så mykje vatn som i eit normalår.
Av
aagot.opheim@nrk.no
Det første tegnet til vår er gledeleg nytt for kraftbransjen. Det dryp av snøen ved Selbusjøen i Sør-Trøndelag. Desse dropane skal Trondheim Energiverk laga straum av.
Men det har aldri vore så få dropar som det er i år.
- Bekymringsfull situasjon
 |
Vasstanden i Selbusjøen er lågare enn nokosinne. (Foto: Mikal Sveen) |
Dette er første tilsiget i kraftmagasinet på mange månader, og situasjonen er lik i heile landet. Norges Vassdrags- og Energidirektorat karakteriserer situasjonen som bekymringsfull.
- Magasina er no så tomme at me er veldig redde for uforusette hendingar som at det skulle skje noko med ei kraftlinje til dømes, seier direktør Agnar Aas i NVE.
Han oppmodar oss om å halda fram med sparinga, og seier det er tvingande nødvendig at me framleis importerer straum for å hindra rasjonering seinare.
Tomme magasin
Aldri har det vore så lite vatn i magasina som no. Fyllingsgraden er no på 28 prosent. I eit normalår er kraftmagasina halvfulle på denne årstida.
Det er lite snø i fjellet i vinter, og mindre vatn i magasina enn nokon gong før. Og inntil snøsmeltinga kjem i gang for alvor, minkar vatnet i magasina med 2,5 prosent i veka.
- Det er fare på ferde når me kjem ned mot ein fyllingsgrad på 10 prosent på landsbasis, seier Agnar Aas.
Det er usikkert når det skjer, og om det skjer.
- Ein slik situasjon har me ikkje erfaring med, og veit ikkje om me då kan garantera at folk får straum, seier Aas.
Vil ha jamt tilsig
 |
Lite regn og snøsmelting gjer at magasina er tommare enn nokon gong. (Foto: Mikal Sveen) |
På stranda ved Selbusjøen sildrar det av ei forsiktig snøsmelting. Sju målestavar står meter for meter nedover bakken mot vatnet, og viser kor høgt vatnet når på det meste. I dag er vasstanden under det lågaste merket. Det er sju meter igjen før magasinet er fullt.
- Snøsmeltinga har så vidt starta, i alle fall akkurat i dag, seier Magne Røen. Han driv med produksjonsplanlegging i Trondheim Energiverk. No har han lite tru på at det er vårløysinga me faktisk ser. -Det ville i tilfelle vera historisk tidleg.
Han reknar med kuldeperiodar etter dette, men gler seg over alle dropar som endar i vassmagasina som ikkje har hatt tilsig etter sist regnet sist september.
- Det beste for oss er eit jamt tilsig frå no av, og ikkje store snømengder som smeltar samtidig seint på våren, seier Røen.