skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

- Vil ikkje gripe inn

Iranske Sima er lesbisk og blir send ut av Norge trass i truslar om dødsstraff i heimlandet.
- Erna Solberg kan gripe inn, men vil ikkje, seier Karin Andersen fra SV.

Publisert 10.03.2003 16:09.
Utlendingsnemda har bestemt at ei iransk, lesbisk kvinne ikkje får vere i Noreg, sjølv om det er dødsstraff for homofili i heimlandet. Men Sima kunne blitt i landet dersom saka hadde komme opp i dag.

- Har endra praksis

Erna Solberg (H)
- Det er urimeleg at ein politikar skal synest noko om ein sak som er oppe for retten, seier kommunalminister Erna Solberg.

Utlendingsdirektoratet har endra praksis i slike saker etter at Sima fekk avslag. No vurderer ein faren ved å dra tilbake som større enn tidlegare. Avdelingsdirektør for asylsaker, Paula Tollonen, seier dei godt kunne ha vurdert saka annleis om ho hadde komme opp i dag.

- Vi har opna meir opp for å vurdere faren for å bli forfølgd, og har innvilga fleire opphald til homofile den siste tida, seier Tollonen.

Men Sima si sak er allerede handsama, og Utlendingsnemda kan ikkje gå attende på si avgjerd.

Kommunalministern tykkjer det er eit problem at sakshandsaminga er ulik i Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda.

- Det er openberrt eit kjempestort problem. Men vi har ingen instrument til å samordne synspunkta til dei to etatane, særleg når det gjeld kva saker som blir innvilga, seier Solberg.

Risikerer dødsstraff

For ifølgje Utlendingsdirektoratet risikerer Sima dødsstraff i Iran. Men det hjelp ikke når Utlendingsnemda allerede har bestemt seg.

- Erna Solberg kan på generelt grunnlag seie at dei som har fått sakene sine handsama etter tidlegare praksis, får sakene sine sett i bero, og at sakene blir handsama på nytt etter den nye praksisen. Det har Solberg full støtte for i Stortinget, seier Karin Andersen (SV).
- Det er tydeleg at UDI meiner det kan vere livsfarleg for Sima å reise attende. Då tykkjer eg vi som politikarar og ansvarlege må slutte å ri prinsipp og formalitetar, og sjå kva vi kan gjere med det.

- Må følgje loven

Karin Andersen (SV)
Det er Erna Solberg ikkje samd i.

- Formalitetane i denne samanhengen er ein lov som er vedteken i Stortinget, seier ho.

Departementet jobbar med ein ny forskrift til Utlendingsloven, der det skal vere med i vurderinga om folk er i fare på grunn av seksuell legning og kjønnsbasert forfølgelse.

- Er eit heilt menneske

- For første gang kan eg leve som eit heilt menneske, seier Sima.

I Noreg kan ho endeleg leve som lesbisk, utan å frykte at det skal koste henne livet. Men Sima er nøydd til å førebu seg på å reise attende til Iran, der homofili blir sett på som Satan sitt verk.

Sima søkte asyl i Noreg for tre år siden. Den gangen avgjorde Utlendingsdirektoratet at ho ikkje skulle få opphaldsløyve. Saka vart anka til Utlendingsnemnda, som skal fungere som "domstol" i klager på UDI sine avgjerder. Men nemda meinte avgjerda var rett.

- Eg har ikkje noko liv å komme attende til, eg har ingen familie, eg har ingenting, seier Sima.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no