- Irak har ikkje øydelagt heile lageret av biologiske våpen, slik dei sjølv hevdar. Landet kan òg vere i gang med å utvikle nye rakettar med ulovleg rekkevidde, meiner våpeninspektør Hans Blix.
Av
Gunnar Hybertsen og
Kjetil Malkenes Hovland
Våpeninspektørane meiner at Irak ikkje har øydelagt alle lagra sine av biologiske våpen. Det dreier seg om 21 000 liter, mellom anna miltbrannbakteriar, som Irak hevdar at dei øydela for tolv år sidan. Det melder nyheitsbyrået Reuters, som har fått tilgang til Hans Blix sin 167 sider lange rapport.
Litt for begge sider
 |
Irak har ikkje øydelagd lagra av miltbrannbakterier, meiner våpeninspektørane. |
Blix vil nok presentere eit bilete som har litt for begge sider, både Frankrike og Storbritannia, trur Lodgaard.
- Det er først og fremst kjemiske våpen og miltbrannbakteriar det ikkje er redegjort for, seier Sverre Lodgaard, direktør ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt.
- Det er også mistanke om at Irak utviklar nye rakettar med rekkevidde på over 150 km. Men rapporten vil også seie at Irak har øydelagt Al-Samoud-rakettar, at dei har tillatt overflygingar med U2-spionfly og at våpeninspektørane får intervjue irakiske embetsmenn utan at myndigheitene er til stades.
Leiaren for våpeninspektørane kan komme til å be FN om meir tid. Det vil i så fall Frankrike og Tyskland vere takksam for, meiner Lodgaard.
Rapporten viktig i tautrekkinga
- Men det spelar så godt som inga rolle for den krigen som kjem i alle fall, sidan USA har bestemt seg, seier Lodgaard.
- Rapporten er først og fremst viktig i tautrekkinga om stemmene til dei ni faste medlemmane i Tryggingsrådet.
I natt sa den amerikanske presidenten at USA krev at Tryggingsrådet stemmer over det amerikansk-britiske forslaget. Der vert det slått fast at Irak er skuldig i vesentlege brot på resolusjon 1441.
- No må folk reise seg og seie kva dei meiner om Saddam Hussein og nytten av Tryggingsrådet. Det er på tide å vise korta no, sa president Bush under ein pressekonferanse i Det kvite huset i natt.
Vil ikkje ha ny resolusjon
Direktøren ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt meiner Tryggingsrådet ikkje bør stemme for ein ny resolusjon.
- Det minste ondet er viss krigen får lov til å foregå utan at Tryggingsrådet gir sitt samtykke til det, seier Lodgaard.
- Viss ikkje godkjenner ein den amerikanske avgjerda om regimeskifte utan at ein krig truar. Bakgrunnen for ein slik krig er at ein mistenker Irak for å planlegge ein eller annan aggresjon. Og slike førebyggande angrep er ikkje heimla i FN-pakten, og ikkje i tråd med folkeretten.