skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

- Reagerer med undring

Den 21 år gamle sambueren til Linda Didriksen er frikjend for drapet på henne, men må likevel betale 125.000 kroner i erstatning til kvar av foreldra.

Publisert 05.03.2003 16:34. Oppdatert 05.03.2003 16:37.
Av Anne May Knudsen og Kjetil Malkenes Hovland

- Foreldra til Linda Didriksen reagerer med undring, seier bistandsadvokat Nils Aga.
- Dei forstår ikkje det som vi juristar diskuterer teoretisk kan skje, og som her har skjedd. Retten frifinn under tvil, men konstaterer samtidig med relativt stor grad av sikkerheit at sambuaren har gjort det, og gir noregshistoria si største oppreisingserstatning. Foreldra er sikkert ikkje åleine om å undre seg.

250.000 kroner i erstatning

Linda Didriksen og sambuaren.
Den 21 år gamle sambuaren vart dømt til å betale 125.000 kroner i oppreising til kvar av foreldra til Linda Didriksen. Dommen vart anka på staden.

- Anken kom fordi erstatningskravet ikkje skulle ha vore handsama av domstolen, i lys av dei siste dommane i menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Når retten likevel handsamar dette, burde sambuaren vore frifunnen, fordi det ikkje er bevismessig grunnlag for å dømme han, seier forsvarar for sambuaren, Roald Angell.

Ifølgje dommen er det overveiande sannsynleg at sambuaren har drept Linda Didriksen. Difor må han betale erstatning.

- Overraska over avgjerda

- Eg er overraska over den mellomløysinga retten valde, seier aktor Geir Fornebo.
- Retten ser langt på veg bevisa på same måte som påtalemyndigheita, men likevel blir sambuaren frifunnen.

Fornebo trur dommen er vanskeleg å forstå for folk flest.

- Men i norsk rett er det mulig å dømme nokon til å betale erstatning, sjølv om dei blir frifunne, seier han.

Bistandsadvokat Nils Aga er ikkje nøgd med dette systemet.

- Må ryddast opp

- Eg meiner at viss ein blir frifunnen, så er ein frifunnen. Då bør heller ein annan instans avgjere erstatningsspørsmålet. Vi har fått på pukkelen i Strasbourg for måten dette systemet fungerer på. Her må det ei opprydding til, seier Aga.

Linda Didriksen forsvant fra Ørnes i Meløy 1. juni 2000, og vart funnen drepen eitt år etter.

- Sambuaren er meget tilfreds med å vere frifunnen. Han må no forsone seg med dette, og vil prøve å leve eit så ordinært liv som mogeleg, seier forsvarar Roald Angell.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no