skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

- Slaver for norske bedrifter

- Kinesiske jenter jobbar på slavekontrakter for norske fiskeriselskap, seier dagleg leiar ved fiskebedrifta Bacalao Nord i Mehamn, Oddvar Jensen. Han er misnøgd med arbeidstilhøva for dei kinesiske filetjentene.

Publisert 05.03.2003 16:11.
Av RUNE YTREBERG og Kjetil Malkenes Hovland

Frostrøyken stig mot taket. Seksti jenter jobbar i den kinesiske filetbedrifta. Dei liknar nesten på englar der dei står i kvite støvlar, frakkar, bukser, plastforkle og munnbind. Dei norske bedriftsleiarane som er på besøk, kiker nysgjerrig på gradestokken, som viser minus seks grader.

- Dette arbeidsmiljøet hadde ein aldri fått gjennom i Noreg, seier ein av dei.

- Frykteleg for armar og bein

Det å arbeide med våt fisk i fuktige og kjølige lokale er helseskadeleg, seier fiskeeksportør Julia Antonissen.

- Dette er jo frysetemperatur. Det må vere frykteleg for armar og bein. Det er svært fuktig her, og det er ikkje bra, seier ho.

40.000 filetarbeidarar jobbar i millionbyen Dalian nord i Kina. Nokre av bedriftene her er leigde av norske bedrifter, andre er norskeigde. Jentene som står stille og skjer filetar har ei månadsløn på ein tusenlapp, og to-tre dagar fri kvar månad.

- Det liknar på slavearbeid

- Eg tykkjer det er slavearbeid. Det liknar mykje på det, seier Oddvar Jensen.

Han er dagleg leiar i fiskebedrifta Bacalao Nord i Mehamn, og besøkte bedriftene i oktober i fjor.

- Dei som jobbar der har ingen innflytelse eller medverknad. Dei berre var der og jobba, og vart jaga til hybelen som låg innanfor same gjerdet, seier han.

Jentene seier ingenting når den norske fiskeridelegasjonen spør dei kva dei tykkjer om jobben.

- Dei er lukkelege over å ha jobb, seier arbeidsformannen.

Og ifølgje bedriftsleiaren er det sjeldan at jentene held ut meir enn tre år i den tøffe jobben.

- Kan ikkje vere utanfor

Julia Antonissen er leiar for den norske delegasjonen av makrell-, lodde- og sildeprodusentar.

- Dei seier at jentene kan tene pengar her til å komme seg vidare i livet. Store selskap er allereie inne i dette området. Vi må også tenkje på å vere med i denne marknaden. Eg ser ikkje korleis vi kan vere ute av det med dei arbeidstilhøva vi har i Noreg, seier ho.

Billegare enn i Noreg

Ei norsk filetjente tenar like mykje som 40 kinesiske arbeidarar. Difor er det billigare å sende fisk frå Noreg til Kina og attende til Europa, enn å filetere han i Noreg. I fjor gikk over 30 norske fiskebedrifter konkurs. 1800 tilsette vart sagt opp eller permittert.

Kina har uavgrensa tilgang på billig arbeidskraft, ei stor føremon i konkurransen om å få bedrifter til å flytte produksjonen sin dit. Over 300 millionar kinesarar er utan arbeid. Kvart år kjem det til 18 millionar nye, klare til å bli billeg arbeidskraft i industrien.

Du får vite meir om denne saken i dokumentaren Faktor på NRK 1 kl. 21.30 i kveld.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no