skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Tankelaust om Latvia

Folk i Latvia er sinte på NRK som under Grand Prix-finalen laurdag sende eit innslag som skulle fortelja om Latvia, der den internasjonale songfinalen skal arrangerast i mai. Innslaget var dominert av element frå russisk kultur.
Av Egil Johan Ree

Publisert 05.03.2003 14:21.
Nasjonalkjensler skal ein ikkje spøkja med, særleg ikkje nasjonalkjensla i land som relativt nyleg har vore offer for okkupasjon og undertrykking. Det er ikkje det minste rart at latviarane reagerer på det tankelause innslaget som vart sendt i pausen i Melodi Grand Prix i NRK laurdag. Her fekk vi dansarar med kosakkuniformar og balalaikaer i tillegg til matrjoskadokker, med andre ord ekte russiske saker alt saman. Slik skulle vi altså bli minte om at det er Latvia som i mai skal arrangera den internasjonale songfinalen.

Rett nok er om lag 30 pst. av innbyggjarane i Latvia av russisk opphav, men over halvparten er innfødde latviarar, og dei har ikkje mange glade minne frå dei lange åra då landet var ein del av Sovjetunionen, og sovjetsystemet og sovjetisk kultur var trædd ned over hovudet på dei.

Det vesle baltiske landet har opp gjennom historia hatt mange framandfolk som herskarar. Russarane har vore der før, polakkane har styrt landet, svenskane var der ei stund og tyskarane hadde makta i lange tider. Etter den russiske revolusjonen kom ei forvirrande tid som enda med at Latvia vart etablert som sjølvstendig republikk i 1920. Men då den andre verdskrigen nærma seg vart landet igjen offer for utanlandske krefter. I hestehandelen som Stalin gjorde med Hitler i 1939 vart Latvia saman med dei to andre baltiske landa definert som sovjetisk interesseområde, og i 1940 invaderte og okkuperte sovjetiske styrkar landet. Same året vart Latvia gjort til ein del av Sovjetunionen. Under krigen styrde tyskarane landet i tre år, så kom sovjetarane tilbake.

Diktatoren Stalin var ikkje nådigare mot latviarane enn han var med andre folkeslag han la under seg. Tusenvis vart arresterte etter invasjonen i 1940, mange vart skotne med det same, mange sende til Sibir, og få av dei kom tilbake.
Med Gorbatsjov og glasnost i 1980-åra vakna fridomstrongen igjen i Latvia, og etter mykje dramatikk vart landet igjen sjølvstendig i 1991.

Nå er altså latviarane i harnisk fordi NRK presenterte landet som om det framleis var ein sovjetrepublikk. Det skal ein ikkje undrast over. Jostein Hasselgård får nok framføra songen sin i finalen i Latvia i mai, men det er ikkje sikkert han får særleg mange poeng av den latviske juryen.





 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no