skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Bursdag hos Beckham

Fotballspelaren David Beckham har invitert lagkameratane i Manchester United på bursdagsfest for sonen Brooklyn. Men dersom spelarane ikkje kjem seg tidleg heim frå festen, har den mektige manageren Alex Ferguson truga med solid trekk i løna.
Av Egil Johan Ree

Publisert 04.03.2003 15:15. Oppdatert 23.04.2003 13:09.
I dag skal det vera brus og kaker heime hos David Beckham, eller kanskje det er heilt andre ting som blir servert når millionærungar fyller året. Ikkje veit vi som ikkje vankar i slike krinsar. Vesle Brooklyn Beckham fyller i alle fall fire år i dag, og foreldra har invitert til selskap. Ole Gunnar Solskjær og andre lagkameratar av David i Manchester United er bedne til bursdagsselskapet og har sagt ja til å koma. Men det kan bli ein dyr fest for dei.

Manchester United-manager Alex Ferguson er nemleg i slett lune om dagen, for det har ikkje gått så bra med laget i det siste. Det er ikkje lenge sidan vi las om den morske manageren som kasta ein støvel i fjeset på Beckham slik at han måtte på sjukehus og fiksa såret han fekk over auga. Sundag tapte Manchester United finalekampen i ligacupen, og nå er Ferguson nervøs for at laget skal måtta avslutta sesongen utan eit einaste trofé. Det blir ein katastrofe, meiner Ferguson. Han kan ikkje tillata at spelarane i denne situasjonen øydelegg form og motivasjon med lettsindig festing. Altså har han kome med strenge restriksjonar når det gjeld feiringa av Brooklyn Beckham.

Etter det den ikkje alltid like pålitelege avisa The Sun melder, har Ferguson kravd at Solskjær og dei andre spelarane ver så god får koma seg heim frå festen før klokka 21 i kveld. Gjer dei ikkje det, blir det ei vekeløn i bot. For Solskjær er det då snakk om ca 400 000 kroner.

Nå er ei slik bot kanskje ikkje all verda for ein ung romsdøl som i årsløn har meir enn tre gonger så mykje som generaldirektøren i Norsk Hydro, men 400 000 kroner er og pengar, så det kan nok henda at Solskjær passar på å vera heime før klokka ni, slik Ferguson har sagt. Særleg vanskeleg kan det i grunnen ikkje vera, for vi går ut frå at barneselskap for fireåringar normalt er slutt før den tid - også i England.

Alex Ferguson får det nok som han vil. Solskjær og Beckham og dei andre festdeltakarane er sikkert snille gutar som kjem seg i seng i god tid slik at dei er friske og opplagde til Premier League-kampen mot Leeds i morgon. For, som vi skjønar, fotballmillionærar er ikkje som andre millionærar.



 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no