skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 
Kåseriet:

Mat er blodig alvor

I Frankrike har det vekt stor oppsikt at ein av fremste kokkane i landet har tatt sitt eige liv. Truleg gjorde han det fordi ein velkjend restaurantguide ga ein av restaurtantane hans dårlegare karakterar enn han hadde hatt før.
Av Egil Johan Ree

Publisert 28.02.2003 13:58.
Å driva med mat kan vera blodig alvor i våre dagar. I tidlegare og trongare tider åt vi det vi fekk og var glade til berre vi vart mette. Nå har vi råd til meir, så nå skal det vera gourmet-mat og eksotiske råvarer. Fantasifulle kokkar sjonglerer med gryter og panner i alle fjernsynskanalar for å læra oss kunsten å koka og steika, bokforlaga druknar oss i kokebøker.

Frankrike har alltid vore kokkekunstens heilage land. Franske meisterkokkar blir nasjonale heltar, utanlandske kokkar med ambisjonar må til Frankrike for å læra - eller for å tevla om gjeve prisar. Bernard Loiseau var fransk kokk i øvste divisjon. La Côte d'Or i Bourgogne var perla i restaurantimperiet hans. Den hadde toppkarakterar i begge dei store mat-guidane: tre stjerner i Michelin, topplassering i GaultMillau. Men så skjedde katastrofen etter at den siste utgåva av GaultMillau kom ut. Matspionane hadde vore på sitt årlege besøk på La Côte d'Or og kan ikkje ha vore nøgde med det dei fekk på bordet. Dermed var det to poeng ned i karakterboka.

Eit prestisjenederlag for Bernard Loiseau. Måndag ettermiddag fann dei han død ved sida av jaktgeværet sitt. Store oppslag i fransk presse. Både landbruksminister og kulturminister uttala seg om det tragiske dødsfallet.

Nå kan det sjølvsagt vera andre ting enn dei to poenga som fekk Loiseau til å ta livet sitt, men kokkekollegaene hans i Frankrike er visst ikkje i tvil. Det var restaurantguiden GaultMillau som tok livet av han, hevdar Paul Bocuse, kjendiskokk i Frankrike og kjend også i Noreg for den såkalla verdsmeisterskapen i kokkekunst som han arrangerer kvart år, - den som rogalendingen Charles Tjessem nyleg vann. Bocuse og andre kokkar, som sjølv skaffar seg prestisje og kjendisstatus ved å hausta stjerner og poeng i restaurantguidane, jamrar nå over at dei same guidane har for stor makt.

Vi får vel aldri vita heile sanninga om kokken Loiseaus tragiske død, men omtalen av dødsfallet i fransk presse fortel i alle fall noko om kor viktig kokkekunst og mat er i Frankrike. Snart blir det vel like viktig her. Det går alt sterke rykte om at folk som før serverte god mat til gjestene sine ikkje lenger vågar å gå på kjøkenet fordi dei er redde for å ikkje prestera like gode rettar som kjendiskokkane i fjernsynet.



 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no