skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

For små til andre religionar

Kristeleg Folkeparti i Hordaland vil ha kristendomsfaget tilbake i skulen. Fylkesårsmøtet er redd for at små elevar blir forvirra av å læra om andre religionar.

Publisert 24.02.2003 15:26. Oppdatert 24.02.2003 15:46.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Av : aagot.opheim@nrk.no

Dei yngste skulebarna har ikkje godt av den samanblandinga av ulike religionar som skjer i dagens religionsfag, Kristendom, Religion og Livssynskunnskap, meiner fylkeslaget som hadde årsmøte i helga.

Før heitte det kristendomskunnskap og var for dei fleste. Dei som ikkje kjente seg heime i kristendommen, kunne velgja faget livssynskunnskap.

Frå midten av nitti-talet fekk grunnskulen eit nytt religionsfag for alle: Kristendom, religion og livssynskunnskap. Det er eit fag med eit så langt namn at det måtte forkortast. Heretter heiter det KRL-faget.

Forvirrande

- Det er uheldig at dei yngste skule-elevane skal læra om andre religionar, seier Bergensordførar Kristian Helland frå Kristeleg Folkeparti. I helga fekk han med seg fylkesårsmøtet i partiet på å gå gjennom KRL-faget på nytt.

- Faget er forvirrande for små barn, seier Helland. Først må dei læra å kjenna sin eigen religion før dei kan læra om andre, meiner han.

Helland vil ha kristendomsfaget tilbake, med parallellundervisning for elevar med andre livssyn. - Andre livssyn bør ikkje koma før i 5.-6.klasse til dømes i eit fag som kan kallast, Kultur og samfunn, seier ristian Helland.

- Tøv

- Tøv, seier stortingsrepresentant Rolf Reikvam frå SV. Han er leiar i utdanningskomiteen, og meiner det er viktig at skuleelvar lærer både om sin eigen og andre religionar.

Reikvam synest det er rart at KRF i Hordaland kjem med dette no når Stortinget skal behandla ei eiga sak om trus-opplæring til våren. Der legg Stortinget opp til at trussamfunna skal bli i stand til å driva livssynsopplæring sjølve utanom skuleverket.





 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no